Sommarjobb som gründer ?

Me ynskjer å syne fram at Sogn og Fjordane er ein av dei beste plassane i landet for å etablere ny verksemd.

 

I Sogndal får gründerar tilbod om 3 mnd. gratis husleige på vårt gründekontor. Me har ledig kapasitet om sommaren, og ynskjer å tilby sommarjobb til ein framtidig gründer.

 

Me ser etter studentar som nærmar seg slutten av studietida  og som har den største gründeren i magen! Du må gjerne ha studert entreprenørskap eller innovasjon.  

 

Like viktig som ein god idé, er dine stå på eigenskapar!  

 

Innkvartering:
Me tilbyr enkel innkvartering saman med DIFIcamp deltakarar på Sogndal Folkehøgskule.

 

Søknadsfrist:
20. April 2016 kl. 12.00

post@sognnaring.no

 

Tid: 6-8 veker 08:00-15:30 - sommaren 2016 ( 13. Juni - 5. august) 

Lønn: trettitusen

 

Spørsmål rettast til

per-odd@grevsnes.no 

I Sogn har me det moro i alle årstider !

 

Bidra til vekst!

For å sikre vekst i regionen er det viktig at kommunen og eksisterande næringsliv har eit tydleg engasjement for lokalsamfunnsutvikling og vilje og ynskje til å legge til rette for ny næringsutvikling,

For kr 30 000 i året kan di verksemd vere med å skapa vidare vekst i Sogn.  Ta kontakt med oss for meir informasjon.