Desse endringane møter bedrifter i 2024

Krav om kjønnsbalanse i nokre styrer, presiseringar i arbeidsmiljølova og reguleringar for bruk av AI. Heng du med på alt det nye?

Krav om kjønnsbalanse i styrer

Ei lovendring som vart vedteke før jul i 2023 seier at det frå no av blir stilt krav til kjønnssamansetninga i styrer i norske selskap over ei viss storleik. For selskap med minst tre styremedlemmer, skal maks 60 prosent av medlemmene ha samme kjønn. Målet er at både kvinner og menn skal vere representert i maktstrukturane i det norske samfunnet, også toppleiinga i selskapa. Næringsminister Jan Christian Vestre trur det kan skape meir innovasjon og gi betre beslutningar, det seier han på regjeringa.no.

Lovendringa gjeld store selskap, og innføres i tre trinn. I første omgang gjeld det selskap som har over 100 millionar i samla drifts- og finansinntekter, rundt 8000 selskap over heile landet. Andre trinn kjem i juni 2025, då skal selskap med over 50 tilsette følgje malen. Frå juni 2026 gjeld det også selskap med over 30 tilsette.

Kva betyr lovendringa?

  • Over heile landet skal det rekrutterast 13000 nye styremedlemmer i år! Dei fleste av dei kvinner. Kjenner du driftige folk som burde vere med å styre selskap?

  • For små og mellomstore selskap er det ikkje krav til å gjere endringar med det første. Men når dei store gjer endringar kan det føre til forventingar frå kundar og samarbeidspartnarar om at også mindre selskap har balansert samansetting i styre og leiing.

PS: Sogn Næring jobbar for tida med ein styreportal for Sogn, saman med fleire selskap. Der skal folk melde interesse for styrearbeid, og selskap som treng nye driftige folk i styra sine kan leite.

Dette er nytt for arbeidsgivarane

Det er også gjort ei rekke endringar i arbeidsmiljøregelverket, som NHO si gode oversikt viser. Mellom anna:

Verneombod og det psykososiale arbeidsmiljøet

Kravet om å ha verneombod er nedjustert frå 10 til 5 tilsette. Også kravet om å ha arbeidsmiljøutval blir nedjsutert, frå selskap med 50 tilsette til at det no gjeld for selskap med 30 tilsette.

Presisering om seksuell trakassering

Arbeidsmiljølova har fleire bestemmelsar om vern mot trakassering. No inneheld den også presiseringar om vern mot seksuell trakassering. Målet er at bedriftene skal jobbe enda bedre med førebygging av seksuell trakassering på arbeidsplassen. Her er lova.

Tydeligare kven som er ein arbeidstakar

Presiseringa gjeld “alle som utfører arbeid for og underordna ein anna”. Mellom anna blir det lagt vekt på om vedkommande løpande stiller sin personlige arbeidskraft til dispensasjon, og om vedkommande er underordna gjennom styring, leiing og kontroll.

Faste tilsettingar

Midlertidig tilsett har rett på fast tilsetting etter tre år. Tidlegare har lovverket stilt krav om enten tre eller fire år midlertidig tilsetting, avhengig av kva grunnlaget for midlertidigheita var.

Nye krav til offentlege kontraktar

I forskrift om løns- og arbeidsvilkr i offentlege kontraktar kjem det no krav om at det skal stillast vilkår om obligatorisk tenestepensjon, HMS-kort, språkferdigheiter og informasjonsplikt. Endringane kjem frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

I tillegg er det nye ordningar for bemanningsforetak, utvida drøftingsplikt og meir. Heile lista finn du hos NHO, som også køyrer informasjonsmøter og webinar om det som er nytt.

AI susar vidare

Har du høyrt om AI Act? Eu og Europaparlamentet vart på tampen av 2023 einige om eit endeleg utkast til i ei omfattande juridisk ramme for utvikling og bruk av kunstig intelligens.

Medan 2023 var året for utforsking av teknologien, byrjar mange bedrifter no å lage konkrete rutinar for å bruke AI i drifta si. Uavhengig av korleis di verksemd har tenkt å bruke teknologien, er det viktig å ha i bakhovudet at det kjem til å komme lovkrav til bruken av kunstig intelligens.

Det endelige utkastet er ikkje publisert enda, men selskapet KPMG trur AI Act kjem til å bli delt inn etter risiko:

  • Uakseptabel risiko: Nokre bruksområde for AI blir forbudt. For eksempel tenester som utgjer ein uakseptabel risiko for demokratiet og individuelle rettigheiter. Det kan vere system som kategoriserer mennesker basert på sensitive opplysningar som politisk eller religiøst tilhøyrsle, eller system som rangerer menneske etter åtferd eller sosioøkonomisk status.

  • Høg risiko: Kan vere logging, dokumentasjon, cybersikkerheit og menneskeleg overvåkning. Desse må trulig følge omfattande krav både i utviklingsfase og i bruksfasen.

  • Minimal risiko: Som anbefalingar når du ser på Netflix, eller musikken Spotify trur du likar basert på lyttinga di. Dei fleste AI-system som utgjer liten eller ingen risiko får trulig ingen spesielle plikter.

  • Risiko knytta til transparens: Sannsynligvis blir det stilt krav til informasjon til brukarar når innhold er laga av eit AI-system.

Meir om dette tema finn du hos KPMG!

Når det er sagt - AI Act betyr ikkje at vi skal slutte med kunstig intelligens. Vi har såvidt begynt å lære oss korleis teknologien kan bidra til å lette arbeidskvardagen vår. Hvis du er ute etter nokre tips til kvar du kan begynne, kan du lese denne kronikken frå Ledernytt med gode tips og triks til korleis di bedrift kan komme i gang.

aktueltSigrid Skjerdal