Ikkje gi deg på harde møkka, seier gründeren bak tech-bedrifta Eduplaytion

Kristoffer Hundersagen Engebø gjekk rett på sak på Innovasjonsdagen Sogn, og summerte opp sine gründer-erfaringar i ti konkrete tips og triks for tilhøyrarane.

Historia til selskapet hans Eduplaytion byrja i 2018. Sidan har det teke sjumilssteg på vegen mot å endre måten skulane brukar teknologi i læringa. Hovudproduktet deira, mattespelet Numetry, er allereie ute i 190 kommunar. Endå fleire er på veg til å ta det inn i skulen sin, fortel Engebø. Ironisk nok er heimkommunen til Engebø, Sunnfjord kommune, ein av kommunane som framleis ikkje har tinga det spelet til sine elevar. 

Det siste året har Eduplaytion tatt store seg og henta inn 70 ferske millionar i risikokapital. Investorane har tru på læringsteknologien Engebø og teamet hans banar veg for. det å ha tru på eige produktet og ikkje backe ut før ein har fått eit tydeleg nei, var avgjerande for at investorane vart med på laget, fortel Engebø.

Nøkkelen til at Numetry har brukt relativt kort tid frå idè til å bli implementert i skulane, meiner Engebø sjølv er arbeidet dei la ned i å få kontakt med dei som faktisk skal bruke spelet. 

"Vi brukte eitt år på ringe alle skulane i Noreg, for å sørge for at dei fekk testa produktet i ein tidlig fase. Det var heilt avgjerande for at vi kunne utvikle eit produkt som fungerte, og vi har fått fleire tusen kontaktar blant lærarane ute på skulane i landet." 

Eduplaytion har i dag eit team som sit i Brasil, Portugal og i Norge. Forretningsadressa er Sogndal og språket er nynorsk, og no rekrutterer Engebø seljarar til Sogndalskontoret. Det har vi tru på!

Sigrid Skjerdal