Vekas bedrift: Fjærland fjordstove hotell sin veg mot heilårsdrift

Fjærland fjordstove hotell er inne i sin andre sesong med heilårsope. Det byrjar å bere fruktar, fortel eigar Bård Huseby.

I 2021 gjennomførte Sogn Næring, Visit Sognefjord og Vestlandsforsking prosjektet Restart reiseliv. Formålet var å bruke den stille perioden under pandemien til å knekke heilårs-koden - korleis ha nok aktivitet heile året til å halde på folk, og halde hus og senger varme?

For Fjærland fjordstove hotell vart prosjektet første steg i retning heilårsope. Eigar Bård Huseby fortel at det går bedre og bedre.

– I år ser vi spesielt at den tyske marknaden, med familiar som vil komme seg på ski, begynner å losne. Der er det eit stort moglegheitsrom.

Med nordlysbølgja som sveiper over destinasjonar som Lofoten, Tromsø og Lyngen, er det eit rom for å hive seg på. “Fjord” er eit bedre kjent ord enn “Norge”, skildrar Huseby.

– Finn vi ein måte å henge oss på runden til desse turistane, då har vi knekt koden.

Den største fordelen dei opplever så langt, er at det er lettare å halde jamnt høg kvalitet gjennom året når folk er tilsette på fast basis. Folka er inne i drifta når den travle sommarsesongen kjem, og kvaliteten og motivasjonen held seg høg når dei tilsette får vera med å utvikle drifta.

Lokalmat er grunnbjelken i hotelldrifta. Huseby fortel at dei strekk seg langt for å finne råvarer som er i sesong, og helst så kortreist som råd. Samarbeid er nøkkelen for å lukkast - om det så gjeld å samle lokale oppskrifter på historiske matrettar eller å sende kokken på utflukt til Bøtun markedshage ein gong i veka for å sette menyen.

– Målet vårt er å lage ein stadsspesifik restaurant som er open heile året. Der vil vi gjere om tradisjonsrettane, vestlandsrettane og helst fjærlandsrettar til det ein “foodie” vil ete. Dei gode, solide, norske rettane.

Med heilårsdrift er det også rom for å trekke lokalbefolkninga i Sogn meir inn til Fjærland, håpar hotelleigaren og lokalmatentusiasten.

– Vi ønskjer at den lokale marknaden vil bruke Fjærland fjordstove til møter, konferansar, bedriftssamlingar og liknande. Vi har utrulege reisemål og god lokalmat- og og drikke i Sogn, og eg trur det er eit stort potensiale for den lokale og regionale marknaden for å nytte dei verdiane.

aktueltSigrid Skjerdal