Vinnaren i av årets Fjellpitch vil lette kvardagen for bøndene

Kunnskapsparken Vestland, HVL Skape og Sogn Næring inviterte til Fjellpitch under Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Åtte dyktige gründerspirer fekk anledning til å presentere sin idé foran ein dyktig jury og engasjert publikum. Idèane var i breidda mellom ei festeløysing for skistavar når du tek heisen og nytt bar- og kulturkonsept for Sogndal, til ei nettplatform for å kople studentar og næringsliv. Juryen vart imponerte over nivået. Den som imponerte mest var Sprøyte Journal av Knut Olav Ekeberg frå Fresvik. 

Knut Olav pitcha sin ide med ein plattform som skal hjelpe bønder med å oppnå en enklare, tryggare og meir effektiv kvardag ved å gi dei digital tilgang på doseringsinnhald, sikkerheitsdatablad og strømlinjeforma journalføring av sprøytemidel. Løysinga kan gi eit løft for digitaliseringa i landbruket, og lette arbeidskvardagen til bøndene. 

Me tok ein prat med vinnaren rett etter utdelinga, som seier han var glad og fornøgd da han hadde lagt mykje arbeid i det. Premien skal han bruke på å starta opp eit AS, og bli med i inkubatorprogrammet til Kunnskapsparken Vest. 

Når Knut Olav blir spurt om kva effekt dette har for firmaet, trur han det vil gi pågangsmot og puff til å arbeide meir med prosjektet, og han har ei målsetning om å forbetra designet og køyre ein test blant bønder lokalt i Sogn.

 
Eg har fått høve til å få øvd godt på å presentera ideen og kjekt å kunna treffa fleire med ein liten entreprenør i seg
— Knut Olav Ekeberg

Vinnaren fekk med seg ein premie til verdi av 50.000 kroner, i form av gratis rettleiing frå Kunnskapsparken Vest & Sogn Næring, tre månadar kontorplass på FUS, kunsulent-tenester frå PwC & Gasta, og ikkje minst ein pengepremie på kr 20.000,- frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Gratulerer så mykje, vi gler oss til å følgje med vidare!

I tillegg til Sprøyte Journal var det med sju andre bedrifer som du kan lesa om her:

Kunnskapsbrua – Sindre Jensen
Det ønskjer å skapast ei plattform som skal fungera som ei bru mellom Næringslivet og studentar. Bedrifter legg inn oppgåver eller problemstillingar dei møter på, studentane får det utlevert som ei oppgåve i skule samanheng. Til slutt får bedrifta tilbake dei løyste oppgåvene med mogleg løysingar dei kan bruka. 

Tatlao – Kristoffer Engebø
Konseptet byggjer på å danna eit raskt, billig og sundt alternativ av mat langs vegen. Kuttet ned på eksklusivitet, men heller satsa på enkelheit og tilgjengelegheit for alle.  

ES Safepole – Bård Inge Wangensteen Fredhaim, Theodor Nitter Walaker og Gjert Anreas Hillestad
3 elevar ved VGs har utvikla eit produkt for å halda stavane på plass i skitrekket. Oppfinninga er ein enkel Clips som heng fast i sida av boksen og gir deg fri hender til å ha meir kontroll oppover bakken.

Slitan – Mathias Hagen Skrede og Andreas Monsen Kjenes
Ideen utbyggjar seg på å betra det kulturelle tilbodet i Sogndal. Dei ønskjer å opna sin eigen utestad som skal ha eit stort preg av live-musikk og lokal kultur.  

Balance – Eldar Kveane
Har planar om å skapa eit Regnskaps program som er utvikla med omsyn til tavle undervisning og førebu studentar meir på kva som faktisk kjem i arbeidslivet. For akkurat no er det store forskjellar mellom korleis rekneskap blir undervist og kva som faktisk blir teke i bruk av bedrifter.  

Content marketing – Emma Sundli-Härdig
Ønskjer å skapa sin eigen business der ho kan hjelpa ulike reise selskap å fremja naturen i nærområdet. Dette blir då gjennom sosiale medium for å betra trekkja unge menneske til reiselivsdestinasjonar i Noreg. 

Turistdata – Lars Røyrhus
Det finst masse statistikk ut på nettet i dag av ulike aktørar som blir visualiserte på ein relativt gammal måte. Turistdata ønskjer å utvikla ei nettside som skal samla og presentera all data for reiselivet.

aktueltSigrid Skjerdal