Fjellsportfestivalen lagde liv og maksa kapasiteten

Med både vinterferie og utseld Fjellsportfestival, har det vore full fres i saft/ski/fotball/laussnøbygda Sogndal denne veka.

– Fjellsportfestivalen er utseld, og vi har maksa kapasiteten, kunne marknadssjef Camilla Bondevik melde til Friflyt før start. 

Dei fleste aktivitetane gjekk føre seg i  Sogndal skisenter Hodlekve og på Quality Hotel Sogndal. I skisenteret har mellom anna Barnas fjellsport gått føre seg, med skliskyting, hoppekonkurransar og SGN sin fristyle-konkurranse Rabbagast Open. For vaksne var det både guida turar, øl- og sidersmaking med lokale produsentar og sjølvsagt foredrag og kompetanseheving for fjellfolket på hotellet. 

Fredagen var også eit breidt utval frå næringslivet til stades i Rindabotn, på Jobb- og laussnøjakt i regi av Sogn Næring, PwC og Fjellsportfestivalen.

Fjellsportfestivalen er mange besøkande sitt første møte med Sogn, og vi nytta høvet til å syne dei korleis dei kan bli i bygda. 

I Sogn kan du bygge ein spennande karriere samstundes som du har eit lass gode moglegheiter for å drive med ski og andre friluftsaktivitetar rett utanfor kontordøra.
— Trine Smukkestad Lavik, Innovasjon Norge

– I Sogn kan du bygge ein spennande karriere samstundes som du har eit lass gode moglegheiter for å drive med ski og andre friluftsaktivitetar rett utanfor kontordøra, seier Trine Smukkestad Lavik frå Innovasjon Norge. 

17 bedrifter hadde med seg spennande stillingar til Dalalåven, og traff studentar og tilreisande på frukosten. Vêret spelte ikkje heilt på lag (ingen pudderalarm denne morgonen), men alle dei 140 bollane fekk bein å gå på.

Det vart sett opp langbord med pizzasnurrar, kanelsnurrar, sjokomjølk og kaffi, og gjestene fekk mingle med folk frå dei ulike bedriftene. Mange kom i skiutsyr, både verksemdene og publikum,

Dei deltakande bedriftene gjorde ein svært god jobb med å fremja moglegheitene i bedrifta og dei ledige stillingar dei har.

Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde dette til eit hyggjeleg arrangement!

Interessert i dei spennande jobbane hos bedriftene som deltok? Ta kontakt!

  • PwC

  • Sognekraft

  • Digdir

  • Rocketfarm

  • Vestland fylkeskommune

  • Statsforvaltaren i Vestland

  • Sogndal kommune - oppvekst og helse

  • Nav Økonomiteneste

  • Avery Dennison NTP

  • iTeam

  • Norconsult

  • Innovasjon Norge

  • Saman

  • Aider

  • Framtidsfylket Vestland

  • Tollefsen Advokatfirma

  • Vestlandsforsking



aktueltSigrid Skjerdal