Næringslivet stiller opp for TV-aksjonen

Søndag 22. oktober er dagen for sjølvaste TV aksjonen. Årets innsamling går til Redd Barna og deira arbeid med å hjepe barn ramma av krig og konflikt. I forkant av det er det ei rekke arrangement for å engasjere befolkninga til aksjonen.

Den siste veka har jobba for å mobilisere næringslivet i Sogndal og Vik til å samlast om denne viktige saka, saman med gode samarbeidspartnarar i Vik kommune og på Campus i Sogndal.

I Sogndal var vi med å arrangere Campusløpet der bedriftene blei utfordra til å donere eit beløp og samlast for å springe eller gå tre rundar i sola rundt Fosshaugane Campus. Det heile var krydra med ein kreativ basar som blei vel tatt imot av dei frammøtte. Leis meir om aksjonen i Sogn Avis her.

 
 

Formannskapet i Vik stilte opp!

Torsdag 19. oktober utfordra Sogn Næring og Vik kommune bedriftene i Vik til å slå saman kreftene og samle så mykje dei klarer på ein time! Mellom 10 og 11 gjekk sjølve ringe-aksjonen føre seg. Formannskapet i Vik tok til og med ein pause i viktige avgjerdsler for å vere med å ringe bedrifter! Det er mogleg fleire blei overraska av ein telefon frå sjølvaste ordføraren på ein onsdag føremiddag.

Responsen frå bedriftene har vore veldig positiv! Det er kjekt å kunne samlast rundt ei sak som skapar så mykje engasjement. Spleisen for begge aksjonane vil vere open fram til søndag 22. oktober. Det er ikkje for seint å delta, lenka til aksjonen i Sogndal finn du her og aksjonen i Vik ligg her.

Oppdatering: Innan innsamlingsdagen 22. oktober har næringslivet i Vik bidrege med 10.300 kroner! Tusen takk for alle bidrag.

Vi rakk nok ikkje over alle i løpet av aksjonen, men det er framleis lov å bidra på aksjonen ved å gi pengar på Næringslivet i Vik sin Spleis.

Tusen takk til alle som har vert med å støtta Redd Barna! Vi ynskjer absolutt å gjenta dette neste år. Så om du eller di bedrift har ideear på korleis vi kan skape enda meir engasjement så er det berre å ta kontakt med oss i Sogn Næring!

aktueltKaroline Myklebust