Invitasjon for bedrifter til Økonomidagen Sogn 2024

Eit bransjetreff innanfor økonomi og administrasjon

Er du ei bedrift i Sogn som er gira på å bli kjent med framtidas jobbkandidatar? Denne dagen er for deg!

Både studentane ved Høgskulen på Vestlandet og arbeidsmarknaden i Sogn har gitt uttrykk for at dei ønskjer tettare kontakt, fleire møteplassar og moglegheita til å bli betre kjend. Derfor inviterer Høgskulen på Vestlandet, Linjeforeininga for økonomi i Sogndal (ØKS) og Sogn Næring bedrifter i Sogn til Økonomidagen 2024 den 10. januar klokka 14.00 på Høgskulen!

Bedriftene får møte studentar ved institutt for økonomi og administrasjon. Studentane kjem primært frå bachelor- og masterstudia i økonomi og administrasjon, og bachelor i økonomi og jus. Du kan lese meir om insituttet ved Campus Sogndal her.

I tillegg til nettverksbygging, får bedriftene får syne sine jobbmoglegheiter for studentane. For eksempel praksisplassar, deltidsjobbar og/eller ein spennande jobb etter endt studie. Frå og med våren 2024 blir skal fleire studentar i praksis. Fagfelta studentane skal ut i er mellom anna : 

  • Administrasjon og ledelse

  • Bank og finans 

  • Marknadsføring

  • Industri og innovasjon

  • Teknologi

  • Næringsutvikling

  • Konsulenttenester

  • Revisor

  • Økonomi- og eller rekneskapsavdeling i privat eller offentleg verksemd

  • Forsikring 

  • Reiseliv

Bedriftene er velkomne til å ha en stand i lokalet. Vi utfordrar dykk også til å halde ein «bedriftspitch» på maks ti minuttar om de ønskjer, der du får fortelje kva jobbkandidatane får oppleve i di bedrift. Det vil i tillegg bli servert mat og mykje tid til å bli kjend med kvarandre og bygge nettverk.

_________________________________
Program:

14.00- 14.30: Velkomen v. HVL, ØKS og Sogn Næring

14.30- 15.30: Stands, nettverking, servering av drikke og pizza (mat ca. 15.15)

15.30- : Bedriftspitch

(Talet på påmeldte bedrifter vil vere med å avgjere når vi avsluttar programmet)
_________________________________

Meld deg på i skjemaet om du ynskjer å delta. (Du vil motta ein e-post med meir informasjon ved påmelding). Det er ingen påmeldingsavgift. De kan stille fleire frå bedrifta om dykk ynskjer. Bruk då separate påmeldingsskjema. Vi oppmodar bedriftene til å delta med tilsette frå ulike nivå i organisasjonen. Ved påmelding vil de få meir informasjon fortløpande.

PS! Påmelding for studentar kjem i eit eige skjema frå ØKS.

Har du spørsmål, eller ynskjer du meir informasjon? Ta kontakt med Ida.