8 grunnar til å vere til stades på LinkedIn

Dei siste par åra har LinkedIn gått frå ein grå og trist stad, til ei plattform som verkeleg blomstrar! Kva har skjedd? Her er 8 grunnar til å vere til stades på LinkedIn!

 
 

1. Store endringar i resten av SoMe-verda

Dei siste par åra har vi sett store endringar i korleis dei ulike sosiale media fungerer. Facebook og Instagram har tradisjonelt vore plattformer der ein får fram innlegga til vener, familie og bedrifter ein har valt å følgje. Med auka konkurranse frå til dømes TikTok har vi no sett eit skifte mot ein algoritmestyrt straum med kortformat videoinnhald, som plattformene meiner du har lyst til å sjå. Så mindre innhald frå dei du følgjer, og meir frå ukjente. Då held plattforma deg underhalden lenger, får høve til å vise deg fleire annonser, som igjen fører til at plattforma tener meir pengar.

Vidare har det å drive bedriftsside på Facebook blitt veldig krevjande då organiske (ikkje betalte) innlegg nesten ikkje får eksponering lenger, og innlegg der ein deler lenker til si eiga nettside blir nedprioritert i nyhendestraumen.

Men det finst ein plattform som ikkje har vore gjennom like radikale endringar og derfor er verdt å bruke litt tid på, både som privatperson og bedrift. Nemleg LinkedIn:

 

 
 

2. LinkedIn blomstrar i 2023

Sjølv om den 20 år gamle plattforma LinkedIn også endrar seg, så har den dei siste åra vore meir stabil og føreseieleg enn dei andre store konkurrentane. Her er det framleis moglegheit til å få organisk synlegheit på innlegg, til og med om du vel å dele ein lenke i innlegget. Mykje av dette skuldast at det er "god plass" i straumen på LinkedIn, sidan svært få brukarar faktisk publiserer der. No må det seiast at dette er i ferd med å endra seg, då LinkedIn har ein vekst på 41% i talet på innlegg det siste året, viser dette at LinkedIn verkeleg er på veg framover!

 
 

3. Employer branding

Employer branding er ein samlebetegnelse for aktivitetane eit selskap gjennomfører for å kommunisere kva som gjer nettopp dette selskapet til ein attraktiv arbeidsplass. Og i dagens arbeidsmarknad er dette utruleg viktig.

Det vert sagt at rekrutteringa av din neste tilsette startar lenge før dei faktisk lyses ut ei stilling. Frå den aller første gongen ein potensiell tilsett oppdagar bedrifta di, vil personen byggje opp ei evaluering av kven bedrifta er, og ikkje minst kva ho står for. Dagens arbeidstakarar er i større grad enn tidlegare opptatt av verdiane bedrifta står for og korleis det er å jobbe der.

Difor er det essensielt å byggje og vedlikehalde eit positivt omdømme som attraktiv arbeidsgivar. Mellom anna ved å løfte fram kva ein gjer for dei tilsette, kva samfunnsansvar ein tek, kva slags kultur det er i bedrifta og kva verdiar ein har.

Nok som er endå betre enn at bedrifta skryt av kva dei gjer sjølv, er at dei tilsette sjølv gjer det. Ikkje berre har dette høgare truverd for dei som les det, men det vil òg løftast fram positivt for LinkedIn si algoritme, og gi både større engasjement og rekkevidde.

 
 

4. Ein stad for aktiv rekruttering

LinkedIn har ei rekkje funksjonar som gjer det til eit godt verktøy i ein rekrutteringsprosess. Her finn du mellom anna ei eiga funksjon for stillingsutlysningar, litt som på Finn.no. I tillegg kan ein velje å gjere rekrutteringsarbeidet i form av innlegg med bilete og videoar, noko som i mange tilfelle fungerer svært bra.

Vidare er LinkedIn ein svært god stad å "headhunte" rette kandidatar. Her kan ein søke og filtrere basert på mellom anna erfaring og utdanning, noko som kan lette arbeidet med å finne rett person til stillinga.

 
 

5. Her kan du byggje nettverket ditt

LinkedIn har alltid vorte sett på som den digitale CVen, og den funksjonen oppfyller LinkedIn framleis godt. Her får du høve til å halde utdanning og arbeidserfaring oppdatert, i tillegg til ei rekkje andre ting som frivillig arbeid, styreverv, kurs og sertifiseringar. Anbefalinga er å synleggjere så mykje relevant du kan her!

Som på alle andre sosiale medium handlar LinkedIn i stor grad om å knyte kontaktar og byggje nettverk. Her får du høve til å knyte kontaktar til relevante fagpersonar i di bransje. 

 
 

6. Del kunnskapen og ekspertisen din

LinkedIn er ein ypparleg stad å dele ekspertisen frå ditt fagfelt, anten du er privatperson eller bedrift. Ein kan engasjere seg i interessante samtalar på mange måtar, anten det er ved å leggje ut ting sjølv eller ved å delta i samtalar og diskusjonar.

Eit viktig prinsipp på LinkedIn (som på alle andre sosiale medium) er å halde seg innanfor nokre få tema og nisjar. Det er enklare å byggje eit brand og ei ekspertise om ein held seg til nokre utvalde tema, og ikkje engasjerer seg i samtalar i alle bransjar og fagområde. Hugs ein raud tråd!

 
 

7 – Her blir det delt relevante nyheter

Innhaldet på LinkedIn er hovudsakleg kunnskapsbasert innhald, og dette blir prioritert av algoritmen også. Sett i lys av at Facebook har meldt at dei går bort frå nyheiter, og at X (Twitter) har mista både brukarar og fokus, gjer dette at LinkedIn verkeleg er ein stad der ein kan få med seg relevante bransjenyhende.

Dette blir òg stadfesta av brukarstatistikk frå Synlighet.no, som skriv at 6 av 10 søkjer etter bransjenytt når dei er på plattforma.

 
 

8. Den BESTE staden for B2B-marknadsføring

Sel du produkt eller tenester rett til bedrifter (B2B), er LinkedIn utan tvil den beste plattforma for å drive denne typen sal. Her har du høve til å nå direkte til avgjerdstakar, og byggje profesjonelle relasjonar som kan føre til forretningsmoglegheiter.

Avgjerdstakarar kan ein nå på fleire måtar. Enten direkte gjennom nettverket ditt (fordi du har vore flink til å byggje nettverket ditt) eller gjennom betalt annonsering. Ein kan nemleg målrette annonser rett mot dei som er viktige for di bedrift, basert på stillingstittel, erfaring, lokasjon osb.


Du lurer kanskje på kvifor vi i Sogn Næring bryr oss om LinkedIn? Eitt av våre fokusområde er å jobbe med rekruttering og å få folk til å flytte til Sogn. Eit effektivt verkemiddel for å få til dette er å løfte fram arbeidsmoglegheitene, bedriftene og næringslivet i Sogn på digitale plattformer som til dømes LinkedIn!  

Bonus - praktiske tips

 

✅ Bruk dei ansatte for det der er vedt!

✅ Ikkje for mange linkar

✅ Få dei til å trykke på “sjå meir”

✅ Jakt kommentarar, ikke likerklikk

✅ Svar på kommentarar innan dei to første timane

✅ Folk er mest aktive måndag-torsdag mellom 08-12

 

🚩 Ikkje rediger din eigen post i løpet av den første timen

🚩 Ikkje kommenter først på din eigen post

 
aktueltBård Basberg