Årets bedrift 2023 kjem frå Årdal!

– Det er så moro det vi driv med, og vi vil berre meir! Seier Turunn Laberg i Bulder & Brak Opplevingar.

Der ligg kjernen i Torunn og Lars-Kristian sitt engasjement, og kanskje også forklaringa på kvifor dei har lukkast så godt sidan oppstarten i 2016. Så godt at dei i 2023 er kåra til Årets Bedrift i Sogn!

Bulder & Brak opplevingar fekk heile 20 prosent av stemmene då Sogn Avis sine lesarar stemte på kven som fortente tittelen årets bedrift i Sogn blant dei ni verksemdene næringsnettverket hadde valt ut.

Heilt sidan starten har vi prioritert å bygge nettverk, og samarbeide med aktørar både i sogn, i utlandet og i Valdres. Vi søker råd og inspirasjon hos andre, og sørger for å vere nokon som andre også kan komme til for råd, seier Laberg.

Bulder & Brak samskapar produkt, eventar og aktivitetar med andre aktørar, og vel bevisst å søke samarbeid med andre aktørar i Sogn.

Det er då vi skapar nye, gode produkt, kjenner at vi utviklar oss og har det moro. I tillegg er ein mindre aleine, som lita bedrift er det nettverket utrulig viktig. Vi lærer masse av dei vi samarbeider med, og dei lærer av oss. Deling er nøkkelen!

Juryen i Næringsnettverket si begrunning:

"Vinnaren flytta heimatt og starta bedrift i heimbygdi i 2016. Dei har naturen som arbeidsplass og eg har sjølv vore med dei på tur - du merka at detta kan dei, detta ligge i deiras natur og detta brenn dei for! Dei lever for og av å visa fram vill og vakker natur både langs fjorden og høgt oppe i fjellet. Frå starten har dei vore oppteken av å samarbeide og å skape noko saman med andre bedrifter. Vinnaren har alltid vore i utvikling i forhold til trendar, behov og krav frå marknaden, og er genuint stolt av bygda og regionen sin og formidlar Sognahistorien på ein fantastisk måte. Dei har satsa heile vegen og bygd seg opp til å bli ein viktig ambassadør for reiselivet i Årdal."

Kreative mangesyslarar kåra til Årets beste verksemd på kommunikasjon

Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland i Fredag & Fretland vart foreslått av Sogn Avis sine lesarar, og kåra av Næringsnettverket i Sogn til den verksemda som har utmerka seg mest på godt språk, nynorsk og god kommunikasjon i 2023.

Treffande nok kunne dei ikkje møte opp fysisk for å ta imot prisen i Flåm, då Jostein var i Ålesund for å halde kurs i - hald deg fast - klarspråk og nynorsk.

Her er juryen si begrunning for kåringa:

Vinnaren av årets pris for kommunikasjon går til ei verksemd som blandar dialekt og nynorsk på ein herleg måte. Dette er folk som har lang fartstid som grundarar og har sidan starten konsekvent nytta nynorsk i all kommunikasjon med omverda og er tydeleg oppteken og stolte av det. Då dei starta den siste verksemda i si portefølje låg det difor heilt naturleg for dei å fortsette med nynorsk - og dette er ei verksemd som er like kjend i dei store norske byene som i Sogn fordi dei har ein trufast fanskare som har følgd dei på deira reise i snart 20 år saman. På sosiale media kunne me følgja dei bak scenen heilt frå då ideen om å bygge om eit trevarelager til eit bakeri. Dei har brakt med seg eit stykke London og Paris til Sogn og gjer det med nynorsken stolt trykka til brystet!

aktueltSigrid Skjerdal