Dette tek vi med oss frå næringskonferansen i Flåm

Årets bedrift i Sogn er Bulder og Brak frå Årdal! Gratulerer så mykje.

Næringskonferansen i Flåm vart arrangert av Norway's Best i samarbeid med Sognefjorden Næringshage. 

På Fretheim hotell fekk over 60 folk frå Sogn utveksla idear, blitt kjende og samhandla - midt i blinken for temaet for årets næringskonferanse. Her er noko av det vi tek med oss:

Samhandling bygger Sogn 

 I rekka av gode innleiarar fekk vi mellom anna høyre Gry Høyheim frå ViteMeir fortelle om korleis vitensenteret på Kaupanger gjekk frå idè til verkelegheit på rekordraske fem år. Eit initiativ frå næringslivet var gnisten, og samarbeid med fylkeskommune og høgskule tok senteret til verkelegheit.

I sofapraten med Linda Hovland frå Framtidsfylket, Helene Maristuen frå Høgskulen på Vestlandet, Henrik Skyttermoen (Sogn Næring) og Frida Pedersen Bekkestad (masterstudent ved HVL), var det også tydelige bodskap: Samarbeidet kan bli betre mellom verksemdene i Sogn og HVL, slik at studentane får eit inntrykk av jobbmoglegheitene som finst i regionen.

Finn kjernen din 

Johanne Viken Sandnes frå Sogn og Fjordane Sparebank etterlet eit tydeleg bodskap etter sitt foredrag til salen: Finn kjernen din, og hold på den. Det å finne identiteten sin og vere tru til den, er det beste og mest effektive du kan gjere i kommunikasjonen din. Astri Knudsen i Gasta hadde eit like tydelig bodskap: om du sett tydelige mål for kvar du vil med kommunikasjonen din på sosiale medium, har du langt større sjans for å lukkast enn om du ikkje sett deg tydelige og talfesta mål.

I Lerum jobbar dei hardt for å forankre kjernen, verdiane, hos folka som jobbar med alt frå etikettmaskin til budsjett. Om du køyrer trailer eller har direktørskilt på døra di, representerer du alltid merkevara, seier Trine Lerum Hjellaug, leiar for Lerum.

Utydelig språk kostar deg dyrt 

Fenriken, Geir Aker, hadde ei høne og plukke med utydeleg språk. “Du føler ikkje at de har for mange møter. Du MEINER det!” Er du tydeleg og venleg kjem du langt, meinte fenriken.

Han tok også eit oppgjer med overdreven bruk av ordet “utfordring”. Du har eit problem om du ikkje får tak i nok folk til å jobbe innan helse i kommunen, ikkje ei utfordring. Der det finst problem, finst det løysing. Der det finst utfordring, finst det berre… utfordring?

Klart språk sparar oss tid, pengar og forvirring.

Sigrid Skjerdal