Sogn Næring teamet
Line Bjelde
Dagleg leiar
906 18 483
line@sognnaring.no
-
Line er født og oppvaksen i Sogndal, men har teke utdanninga si Bergen og København, kor ho studerte marknadsføring, strategi, organisasjon og leiing. Line er nysgjerrig på korleis ny teknologi og digitalisering kan påverke utviklinga av nye grøne forretningsmodellar. Ho brenn for lokal næringsutkling og ynskjer å vere ein pådrivar for at lokale verksemder skal vere så godt rusta som mogleg til å møte morgondagens utfordringar. Line arbeida mykje med strategiske prosjekt og satsingar, men arbeida og bedriftsretta. Ho tek gjerne ein prat om utviklings- og samarbeidsprosjekt. Hennes favoritt i Sogn Næring teamet er Henrik
Henrik Skyttermoen
Rådgjevar
936 20 411
henrik@sognnaring.no
-
Henrik er fødd og oppvaksen i Lillehammer og er ein av dei mange skiglade tilfyttarene i bygda. Etter seks år i Sogndal har han gått over til å bli fulltids vestlending med manglande dialekt. Han har bakgrunn frå reiselivet, både innan jobb og studium, og ein mastergrad i innovasjon og marknadsføring fra HVL. Med eit engasjement for reiseliv, innovasjon og næringsutvikling er Henrik ein god støttespelar for teamet. Hos oss jobbar han med vidareutvikling av FUS-lokasjonen og har hovedansvaret for alt av arrangementer. Om du har spørsmål eller ønskjer ein plass i ein av våre bygg, er Henrik personen å ta kontakt med.
Karoline Søvik Myklebust
Forretningsutviklar
452 71 085
karoline@sognnaring.no
-
Karoline Mykledust er utdanna innan økonomi med fokus på finans, strategi og leiing. Ho er opptatt av berekraftig utvikling som skal gagne både samfunn, miljø og næring. Karoline har ansvar for rettleiing mot etablerte bedrifter, så om du ynskjer nokon å sparre med i utviklingsprosjekt eller har spørsmål om finansiering er Karoline riktig person å ta kontakt med.
Dersom du ikkje får svar med ein gong er ho sannsynlegvis på ein fjelltopp med enten ski, sykkel, eller til fots.
Sigrid Skjerdal
I permisjon til oktober 2026
Rådgjevar
414 54 344
sigrid@sognnaring.no
-
Sigrid er journalist i botn, med naturbasert reiseliv på toppen og i midten vet vi ikke helt hva hun har. Utdanninga har ho frå Høgskulen i Volda og HVL i Sogndal. Tidligare har ho jobba i NRK og Sogn Avis, og som leiar for musikkfestivalen Vinjerock. Ho vaks opp tett på reiselivet og lokalmatproduksjon i Aurland, og brenn for å utvikla dette i heile Sogn. I Sogn Næring jobbar ho med ulike prosjekt og arrangement, og hjelpar aktørar til å spissa merkevara si basert på dei gode kvalitetane vi har i regionen.
Ida Brastad Ramsfjell
Rådgjevar
926 56 975
ida@sognnaring.no
-
Ida Fjellrams som hun også kalles er frå Konnerud i Drammen med ein master i utdanningsvitenskap. Tidligare har ho jobba som lærar og i NAV/ Helse Førde med å tilrettelegge arbeid for ungdom. Ho har alltid funne kreative prossessar spennande, og liker å hjelpe andre mot sine mål. Ida har ansvar for førstelinjetenesta, og saman med andre i regionen jobbar ho med å skape ein enda betre gründer- og entreprenørskapskultur i Sogn. Ho held og i det meste som omhandlar skule og integrering.
Håvard Øyrehagen
Rådgjevar
917 63 761
Havard.Oyrehagen@sognnaring.no
-
Håvard Øyrehagen er artisten i Tyyl og er tilsett som rådgjevar for mat, drikke og reiseliv det neste året. Han kjem frå Luster og har brei erfaring frå landbruk og næringsutvikling som prosjektleiar, rådgjevar og bonde. Håvard har vore engasjert i alt frå Arena frukt og bær til Landbrukets HMS teneste, og har sjølv drive småskalaproduksjon med eplemost og fårepølse. Han kjenner næringskjeda i regionen godt og brenn for å utvikle mat og drikke satsinga i Sogn vidare. Me er sikre på at han vil ta godt vare på den kjekkaste jobben i Sogn Næring medan Sigrid er i permisjon.
Frøya Rydland Aase
Rådgjevar
416 40 190
froya@sognnaring.no
-
Frøya er opphavleg frå Bergen, har ein bachelor i natur- og opplevingsbasert reiseliv, eit årsstudium i digital marknadsføring og tek no master i innovasjon og marknadsføring ved HVL. På fritida er ho glad i friluftsliv, frå fart og spenning til rolegare aktiviteter. Ho har bodd i Sogndal i 6 år, og trivst godt her med kombinasjonen av fine folk og mange moglegheiter. Ho er spesielt engasjert i regional utvikling og næringsutvikling, og gler seg til å møte fleire engasjerte menneske i næringslivet og bidra i teamet.
Jeppe Jeppesen
Rådgjevar
453 55 714
jeppe@sognnaring.no
Catarina Batista
Rådgjevar
+351 916682833
catarina@sognnaring.no
Hege Skogen
Prosjekt rådgjevar
984 89 100
hegeskogen@gmail.com
Erlend Fardal Lunde
Prosjekt rådgjevar
464 28 741
erlend@fardallunde.no
Kamilla Follevåg
Rådgjevar
97417347
kamilla.follevag@sognnaring.no
-
Kamilla er fødd og oppvaksen i Sogndal, men har dei siste elleve åra budd på Austlandet. No har ho teke med seg mann og born og flytta heim att til Sogn.
Ho har over ti års erfaring frå TV-produksjon og arrangement, der ho har jobba som både innspelingsleiar og produsent. Ho brenn for å skape møteplassar og gode opplevingar for folk.
Hos oss arbeider ho med vidareutvikling av FUS-lokasjonen og har hovudansvar for arrangement og aktivitetar.
Har du spørsmål eller ønskjer plass i eitt av bygga våre, er Kamilla personen å ta kontakt med.