Vekas bedrift: Marianne bakeri og kafè

– Bakeriet har utvikla seg jamn heile vegen. Eg lærer litt heile tida, og har bygd stein på stein. Ti år går fort! Men det har vore mykje jobb også.

Det fortel Marianne Holme, bakar og etablerer av handtverksbakeriet ved elvebreidda i Aurland. Her får du alt frå brød bakt med økologisk mjøl og ulike kornsortar, pizza og lunsjrettar med lokalt kjøt og ostar og bollar med alt frå bringebær til kardemomme.

No er det pustepause frå den travle sommersesongen med turistar frå heile verda. Heilt stilt er det likevel ikkje i turistbygda. Bakeriet har blitt ein samlingsplass for folk i bygda. Her tek dei ein lunsjen med kollegaer, ein kaffi medan dei ventar på bilen på EU-kontroll, eller brukar lokalet til lunsjmøter, foredrag og konsertar.

– Vi har det ikkje travelt no, det er greit med folk også om vinteren. Det er jo utrulig viktig for å kunne halde folk i arbeid. Når sommeren er så travel, er det også godt å ha litt pusterom.

Sidan oppstarten i 2013 har omsetninga på kafeen vakse jamnt ut trutt.

– Eg har prøvd å gjere noko nytt kvart år. Pussa litt opp, kjøpt inn nytt utstyr, litt gradvis. I fjor fekk eg hjelp frå Mette Bakketun til å pusse opp i andreetasjen. Vi er ei lita bedrift, og det å finne tid og ressursar til å sette i gang prosjekt har ikkje vore så lett. Den daglige drifta tek deg litt. Mette hjalp til med søknadar, og fekk fart på ting, fortel Holme.

– Korleis har næringshagprogrammet fungert for deg?

– Det er jo gull verdt for eit næringsliv å ha denne kombinasjonen av Siva og det private. Som målbedrift har vi fått tilbod om kurs og turar, og så er det opp til deg sjølv kva du vil nytte deg av.

– For meg har det vore godt å ha Mette som sparringspartner, diskutere med, finne rette kontaktar. Då blir prosjekta konkrete, og du får litt press på deg til å gjennomføre. Og søknadsskriving, hjelp og tips til det har vore nyttig.

Når Marianne Holme går inn i sitt ellevte år som bakar og leiar av eiga bedrift, har ho no moglegheit til å få meir hjelp og frigje eiga tid til å ta tak i tankar og idear.

På bakeriet er det lokal og økologisk mat som står i hovudsetet. No ønskjer Marianne å reindyrke konseptet sitt enda meir.

– Eg kunne tenke meg å ha kun lokale eller norske varer i sesong, og aller helst økologisk. Eg har økologisk brus, men den kjem frå Danmark. Kanskje eg heller skal køyre på med kombucha frå Norge, eller berre jus frå Balholm. Eg vil bruke råvarer frå produsentar eg veit kan stå for god dyrevelferd.

– Eg må tenke business også, men eg trur det er bra å ikkje gå på akkord med eigne verdiar.

– Eg hugsar faktisk eg vart litt fraråda å starte kafe i byrjinga, fordi det er mykje jobb, og du skal selge mange kaffikoppar før det lønnar seg. Det viktigaste er at du har tru på eige konsept, og så skal ein også vere litt heldig med tid, stad og plassering.

For Marianne har det vore viktig å ikkje ta lettvinte løysingar. Der blir all mat laga frå botn av, med råvarene i sentrum.

– Ein må kunne stå i at når det er tomt i hylla, er det tomt i hylla. Vi er eit handtverksbakeri og lagar all mat frå botn av. Det tek tid, men det er verdt det. Det er det viktig at vi ikkje går på akkord med. Etter ti år har eg erfart at ein må ha ein plan klar, spesielt før den travel sommarsesongen. Ha ein enkel meny, med gode råvarer, som smakar godt. Og så må ein tole at det av og til kjem kundar innom som vil ha noko anna, og då kan vi heller peike dei videre til andre plassar dei kan reise til.

aktueltSigrid Skjerdal