Om Sogn Næring
Sogn Næring er eit regionalt utviklingsselskap som arbeider for å samle utviklingskrafta i Sogn.
Sogn manglar ikkje vilje, idear eller moglegheiter. Utfordringa er å kople rett folk, kompetanse og ressursar – og gjere gode initiativ til konkrete resultat. Difor finst vi.
Vi koplar menneske, verksemder, kommunar, akademia og verkemiddelapparat. Vi utviklar idear, prosjekt og samarbeid. Og vi gjennomfører slik at gode initiativ blir til konkrete resultat.
Samtidig er vi 1.linjetenesta for bedrifts- og gründerrettleiing i Sogndal, Aurland og Vik kommune. Kvar dag hjelper vi etablerarar, gründerar og bedrifter med å utvikle idear, finne moglegheiter og skape vekst.
Sogn står framfor utfordringar knytte til demografi, kompetanse, digitalisering og grøn omstilling. Ingen av desse utfordringane kan løysast av éin aktør åleine. Difor arbeider vi på tvers av kommunar, næringar og fagmiljø for å kople folk, kompetanse og ressursar der dei kan skape størst verdi.
Gjennom etablerarrettleiing, bedriftsutvikling, nettverk, møteplassar, regional profilering og utviklingsprosjekt bidreg vi til varig verdiskaping og attraktive lokalsamfunn i Sogn.
SN Teamet
Vi er eit godt team med brei kompetanse og erfaring. Vi brenn for næringsutvikling og gler oss over å få ta del i utviklinga i Sogn.
Organisasjon
Her finn du oversikt over styret i Sogn Næring, samt årsmeldingar og rekneskap.
Årsmelding 2024
Sjå kva vi har jobba med i 2024
Oppdragsgivarar
Sogn Næring har ulike oppdragsgivarar. Her finn du meir info om dei.