Mobiliserer næringslivet i Vik til TV-aksjonen

Kor mykje klarer bedriftene i Vik å samle til TV-aksjonen på ein time?

Årets TV-aksjon går til Redd barna, og sjølvaste dagen er 22. oktober. I forkant av det er det ei rekke arrangement for å engasjere befolkninga til aksjonen.

Sogn Næring og Vik kommune utfordrar bedriftene i Vik til å samle kreftene og samle så mykje dei klarer på ein time! Det gjeld å sitte klar mellom klokka 10-11 den 19. oktober. Då går sjølve ringe-aksjonen føre seg, og de får ein telefon frå Sogn Næring med oppmoding om å bidra.

Alle donasjonane går inn på den same spleisen, slik at vi kan sjå den samla summen næringslivet i Vik gir til Redd Barna.

Vi utfordrar bedriftene til å vere kreative og engasjere dei tilsette når de skal finne ut kor mykje de skal bidra med. For eksempel:

  • Fram med skritt-teljarane! Utfordre dei tilsette til å gå til jobb 19. oktober. Bedrifta gir 1 krone per steg dei tilsette går.

  • Sel vafler i lunsjen. Stor hygge og ein god gjerning i ein smekk.

  • Intern-løp med dei tilsette. Bedrifta betalar 100 kroner per runde dei tilsette spring eller går rundt Vik stadion til TV-aksjonen. Send utfordringa vidare til ei anna bedrift, litt konkurranse har god effekt på givar-gleda.

  • Eller de kan bli einige om ein sum verksemda ønskjer å gi til årets TV-aksjon, og vere nøgde med innsatsen!

Vi gler oss til å sjå og høyre kva de finn på. Syn det gjerne fram på Facebook eller Linkedin og gi oss ein tag på @sognnaring :)

Lukke til!

aktueltSigrid Skjerdal