Sogn Biohub ser til Nederland

Visste de at Nederland er verdas mest sirkulære land med heile 24,5% sirkularitet i 2023, med et mål om 50% sirkularitet innan 2030 og 100% sirkulært i 2050? Med dette har Nederland tatt rolla som eit føregangsland innan det å skape verdiar av materiale ein tidligare har sett på som avfall.

Til samanlikning ligg Noreg på 2,4% i sirkulærøkonomirate, noko som er godt under det globale gjennomsnittet på 8,6%. Noreg forbrukar 235 millionar tonn med materiale - metall, fossile brensel, biomasse og mineral - for å dekkje dei samfunnsmessige behova kvart år. 97,6% av desse materiala vert aldri tatt tilbake inn i økonomien. Dette er enorme mengdar verdifull materiale som gjennom ny industri og prosessar kan nyttast til å skape verdiar og arbeidspalssar.

For å gjere noko med dette må vi lære av dei beste, og i dag er dette Nederland. Sogn Biohub var så heldige å få vere med på studietur saman med NORCE og deira prosjekt BIOSIRKEL. Studieturen var organisert av Natural State , og målet var å lære korleis ulike aktørar i Nederland jobbar mot sirkularitet innan bionæringane.

Vi fekk sjå korleis dei jobbar med gründarar innan bioøkonomi, koreis dei fasiliterar arenaer der oppstartsbedrifter kan skape sirkulære verdikjeder i ein oppstarsfase, som seinare kan skalerast. Vi fekk også møte fleire innovative bedrifter med nye ideear frå byggmateriale av tang og tare til organisasjonar som jobbar med mobilisering av grunderar og kobling mellom bedrifter.

Vi var på besøk til Wageningen University og deiras Biobased Products and Innovation Plant og fekk høyre mykje spennande knytt til bruk av biomasse i dyrefor kontra andre nytteverdier. Deretter gjekk turen til Food X der vi også fekk høyre frå Foodvalley , to aktørar som jobbar med fasilitering og mobilisering av sirkulære initiativ med både grundera og etablerte bedrifter. På dette besøket fekk også Sogn Biohub delta i ein paneldebatt med fleire grundarar innan bioøkonomi.

Dagen etter gjekk turen til Rotterdam og besøk til eit nedlagt badeland, Blue City, som i dag blir nytta som lokale for grundera innan bionæringa. Til slutt på programmet fekk vi sjå ein flytande gård: Floating Farm. Som er akkurat det det høyrast ut som, ein gard midt i industrihamna i Rotterdam. Sjølv om vi kanskje ikkje treng å ty til flytande kyr her i Noreg, så var det spennande å sjå kor arealeffektive dei var tvungen til å vere. Samt korleis dei samarbeide med lokale bedrifter ved å ta imot bioavfall som ble brukt til dyrefor.

No ynskjer vi å sette nokre av desse ideane i sving her i regionen vår! Dersom di bedrift jobbar med biomasser og har biologisk biprodukt frå eigen produksjon som potensielt kan nyttast bedre enn det blir gjort i dag, så ta gjerne kontakt med oss. Ta kontakt med Karoline på karoline@sognnaring.no