Årets kompost frå SIMAS er snart klar!

Ein av dei viktigaste aktørane i Sogn BioHub er vårt regionale avfallsselskap SIMAS. SIMAS har stort fokus på miljø og berekraft i alt dei jobbar med, og har er i gang med mange spennande prosjekt. Eit av desse er produksjon av kompost frå matavfallet frå Sogn.

Gjenbruk av gode råvarer

SIMAS jobbar for ressursar på rett veg. Dei ønskjer å gjenvinne det dei kan av avfallet i Sogn. Alt av våtorganisk avfall blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar, og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess. I denne prosessen oppstår det store mengder varme som tek knekken på bakteriar, frø og snigleegg. Dei loggfører temperatur, blåser inn luft og vender rankene med jamne mellomrom. Etter kompostering ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, før produkta er klare til bruk.

Kvifor nytte SIMASkompost?

  1. Eit rimeleg og effektivt verktøy for å få frodig vekst.

  2. Rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet.

  3. Fri for store steinar og ugras. Komposteringsprosessen vil normalt ta knekken på ugrasfrø og snigleegg.

  4. Torvfritt og miljøvennleg. Dette er gjenbruk av hage- og matavfall frå abonnentane våre.

  5. Gir tørkesterk jord.

Les meir om SIMAS sitt kompost prosjekt og korleis du kan få tak i kompost her