Arbeidstakarar i distrikta opplever karrierestigen som kortare

Kristin Løseth og Daniel Furberg frå Vestlandsforsking la fram ein etterlengta rapport om arbeidslivet i Sogn og fjordane på rekrutteringskonferansen Folka. Foto: Jostein Vedvik

Vi er i grunnen positivt overraska over kor nøgde folk er med å jobbe i distrikta, seier Kristin Løseth og Daniel Furberg frå Vestlandsforsking, som nyleg la fram ein rapport om temaet for Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane på rekrutteringskonferansen FOLKA. 

Og det er slikt vi i næringsselskap likar godt å høyre!

Forskarane påpeikar at 85 prosent av dei som svarte på undersøkinga har tre år høgare utdanning eller meir, og jobbar i hovudsak i dei største organisasjonane i regionen.

Noko av det vi tek med oss:  

  • 47 prosent av dei som svarde, har erfart at lokalisering i Sogn og Fjordane påverka tempoet i karriereutviklinginga "noko positivt" eller "positivt". Det blir ofte forklart med breiare arbeidsoppgåver, meir ansvar og tettare band til leiinga i bedriftene på mindre plassar

  • .. men kort veg til leiinga er ikkje alltid eit gode. Om forholdet til leiinga er utfordrande, kan det vere krevjande i små miljø

  • Arbeidstakarane sett balanse mellom arbeidsliv og fritid høgt - viktig å ha med seg i rekrutteringsarbeidet

  • Mange av respondentane løftar fram det å bidra positivt i samfunnet er viktig - 85 prosent av respondentane med over fem års utdanning nevner det som viktig motivasjonsfaktor i arbeidslivet

Vestlandsforsking har lagt ut ei god oppsummering av funna sine her. Du kan også lese heile rapporten om du vil fordjupe deg skikkelig i temaet. 

aktueltSigrid Skjerdal