Vellykka lansering av Styrekandidat Vest

19. mars inviterte vi næringslivet til lansering av Styrekandidat Vest, portalen som koplar deg som er interessert i eit styreverv, med bedrifter som søkjar styremedlemmer.

Frå venstre; Svein Osland (Formue), Andrea Opseth (Sogn U40), Silje Flugheim Heggestad (Advokatfirmaet Tollefsen), Grethe Hjetland, Line Bjelde (Sogn Næring), Linda Hovland (Framtidsfylket Vestland), Jorunn Klakegg (Advokatfirmaet Tollefsen) & Bård Basberg (Sogn Næring)

På scena fekk vi ein introduksjon av partnarane bak Styrekandidat Vest, og fekk vite kva som var drivkreftene bak lanseringa. Vi hadde også fått med oss Grethe Hjetland, tidlegare dagleg leiar i Highsoft. Ho delte den omfattande erfaringa si som styremedlem i ulike selskap, og klargjorde viktigheita av å ta eit styreverv på alvor, anten det er er eit konsernstyre eller eit lite gründerselskap.

Saman med Advokatfirmaet Tollfesen vil vi i 2024 gjennomføre fleire styrekurs i regionen. Dette gjer vi for å utdanne fleire dyktige styrekandidatar, og mellom anna å gi ein introduksjon til dei viktigaste oppgåvene for eit styre, kva krav ein må ta omsyn til og nokre praktiske tips. Meir informasjon om styrekursa finn du her.

Etter presentasjonane og lanseringa vart det lunsj og sosialt samvær på Quality Hotel Sogndal. Tusen takk til alle som tok turen og vart med oss på lanseringsarrangementet!

Registrer deg i portalen her!

Bård Basberg