Vi ser etter gründarar innan reperasjon!

Fleire har sikkert lagt merke til ei smilande blid svensk syerske som har holdt til i 2. etasje på Omatte sine lokale i Fjøra. Dei siste to månadane har Moa Terjesdotter i Me Syr vore tilstades kvar måndag og tysdag på Omatte, og reparert klede så tråd og glidelåsar flyr veggimellom. Dei andre dagane i veka har kundar hatt moglegheit til å henge frå seg kle med ein lapp på kva som skal gjerast.

Dette har vert eit prøveprosjekt i regi Sogn Næring, der vi har testa å tilby gründera innan reperasjon ein lokasjon som gir dei synlegheit og moglegheit til å komme tett på kundar.

Saman med Sogndal kommune og Omatte ynskjer vi å halde fram denne satsinga gjennom 2024. Moa er ferdig på Omatte for denne gong, og lokasjonen er tilgjengeleg for andre som ynkjer å teste koseptet sitt.

Medan ho pakka saman sakene sine stilte vi fem kjappe spørsmål om korleis det har vore å sitte på “reperasjons-FUS”.

Korleis har du opplevd å sitte på reperasjonshjørnet? 

Det har vert heilt supert! Fantastisk beliggenheit og veldig hyggeleg å jobbe i same lokale som Omatte-gjengen. Eg hadde eigentleg ikkje ein plan om å sitte fast på ein stad med Me Syr, men sidan FUS på Omatte ga meg moglegheita til å teste utan å binde meg til ein lengre periode, kunne eg ikkje seie nei. Eg er veldig fornøgd med den beslutninga. 

Korleis var etterspørselen etter tenestene?

Etterspørselen har vert mykje større enn forventa, noko som er veldig positivt. Det er tydeleg at det er behov for lokale sy- og reparasjonstjenester.

Gjorde du deg nokre erfaringar som du tar med deg vidare i satsinga på Me Syr?

Eg tar med meg den gode responsen og etterspørselen. I tillegg har eg fått samla opp nyttig data på kva folk flest treng å få reparert og fiksa. Denne erfaringa tar eg med meg vidare i planlegginga for 2024.

Kva er vegen vidare for deg no? Kan ein framleis nytta tenestene dine?

I Q1 kjem eg til å jobbe frå systova min i Amla, og tar meir enn gjerne imot kundar der. Eg jobbar ikkje 100% med Me Syr og må derfor distribuere tida mellom min faste jobb og Me Syr. 

Vil du anbefale gründerar innan reperasjon til å teste FUS på Omatte? 

Absolutt! Beliggenheita til FUS på Omatte er heilt super. Eg kan ikkje sjå for meg ein bedre måte å teste eit konsept utan risiko for å binde seg til eit lokale!

Dersom du tilbyr ein reperasjonsteneste og ynskjer å teste lokasjonen så er det berre å ta kontakt på karoline@sognnaring.no

Karoline Myklebust