Rekordsesong for reiselivet i Sogn: – Endelig tilbake på nivået før panedemien

Utviklingsleiar for reiseliv i Innovasjon Norge, Knut Perander (t.h) delte ut merket for berekraftig destinasjon til Visit Sognfjord under deira marknadsmøte og 10-årsjubileumsfeiring.

Før sesongen meldte reiselivsbedrifter om rekordmange bookingar. Dei positive anslaga slo til, og etter sesongen kan reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Heidi Hauge, gratulere medlemmene med å vere forbi nivået før pandemi.

Tala frå september syner at Sognefjorden som region hadde prosentvis auke på utanlandske gjestedøgn på 32 prosent frå året før. Det er bedre enn både Oslo og Bergen, og best i heile fjord-Norge.

– Det er vi veldig stolte av. Vi har ein vanvittig auke på internasjonale turistar, og ligg over nivåa frå 2019. Det har regionen jobba hardt for, å komme tilbake dit vi var på veg før pandemien, seier Hauge.

– Den norske marknaden er litt meir vêravhengige. Dei utanladske kjem hit for å oppleve frisk og unik norsk natur, for dei er vestlandsvêret også ei oppleving.

Optimistiske for vintersatsing

Å få turistane til å komme og bli over lengre tid, heile året, har vore eit av Visit Sognefjorden sine satsingsområde dei siste åra. Dei har hatt fleire visningsturar på vinterstid, der dei inviterer turoperatørar til å oppleve regionen i vinterdrakt.

No byrjar satsinga å bere frukt. Med varmare vintrar i Sør-Europa, ser turoperatørane mot Norge og Sognefjorden for å finne stabile snøtilhøve og eit variert aktivitetstilbod, fortel Hauge.

– Vi ser at for dei bedriftene som torer å satse på lågsesongen, som vinteren tradisjonelt sett har vore, byrjar å få tilbake for arbeidet. Det blir lettare og lettare for dei som vågar å ha ope om vinteren. Målet er heilårs arbedsplassar, og då må vi syne fram det varierte tilbodet vi har her heile året.

Berekraftig destinasjon

På nettsidene til Visit Norway er Sognefjorden det mest søkte ordet. Undersøkingar frå Innovasjon Norge syner at 64 milllionar europearar planlegg å reise til Norge og Sognefjorden i løpet av dei neste tre åra.

Då treng regionen ein god strategi for å handtere alle menneska, og passe på at miljøet, natur og lokalsamfunna blir ivaretekne, seier reiselivsdirektør Hauge.

På marknadsmøtet sitt 30. november fekk Visit Sognefjord den nasjonale merket Berekraftig destinasjon. Det har dei jobba med i tre år, og det forpliktar regionen til å svare på ei rekke miljøkrav og vise at dei gjennomfører tiltaka som er planlagt.

– Det er eit kvalitetsmerke for destinasjonar som jobbar systematisk for å redusere reiselivet sine negative påverknad på natur, lokalmsamfunn og miljø. Det betyr at vi må fortsette å levere på arbeidet, og forpliktar oss til å følge opp.

Etter nyttår startar ein ny berekraftskoordinator i Visit Sognefjord. Koordinatoren skal jobbe med handlingsprogrammet som ligg i masterplanen for reiseliv, som er vedteken av alle seks kommunane som Visit Sognefjord jobbar for.

aktueltSigrid Skjerdal