Kva er ståa med berekraftsarbeidet?

Tirsdag 31. oktober, på sjølvaste Halloween, arrangerte vi vår første næringskveld i Gaupne saman med PwC, Luster kommune og Lærdal kommune. Temaet var “Korleis er ståa med berekraftsarbeidet?”. Ingvild Andersen frå PWC presenterte rapporten Løypemeldingen, og fortalte litt om rapporten Bærekraft 356.

Ole Gunnar Krakhellen frå Luster kommune forsøkte å forklare kvifor Luster kommune er rangert som Norges nest mest berekraftige kommune. Til slutt fekk vi høyre frå Ingeborg Lysne frå Lærdal kommune om ei kartlegging for utvikling av konsept for ombruk i Lærdal kommune og Indre Sogn.

Så, kva er eigentlig temperaturen på berekraftsarbeidet i Nordevest-Norge?

Løypemeldinga er ein rapport som presenterer funn frå ei spørjeundersøkelse til medlemsbedrifter av elleve næringforeiningar på Nordvestlandet. Undersøkinga er gjennomført av PWC og målet er å få innsikt i berekraftsarbeidet, kva statusen er, og kva utfordringar og moglegheitar bedriftene ser.

Her kjem fire ting å ta med seg:

  1. Berekraft er strategisk integrert, men få årsverk dedikeres til arbeidet

    47 prosent av bedriftene har ein berekraftsstrategi, men over halvparten svarer at dei dedikerer færre enn eitt årsverk til berekraftsarbeidet. Mangel på kapasitet/ressursar er den største barrieren for berekraftsarbeidet for heile 45 prosent av bedriftene. Dagleg leiar er berekraftsansvarleg i 52 prosent av virksomheitene, og ein kan stille spørmål om dette er ein medvirkande årsak til at det ikkje blir dedikert tilstrekkelig tid på berekraft.

  1. Fleire rapporterar, men få brukar anerkjente rammeverk

    61 prosent av respondentane rapporterer på berekraft, men særs få av desse nyttar anerkjente rammeverk eller standarar i rapporteringsarbeidet. Kun 19 prosent lagar klimagregnskap. Frå 2024 blir det lovpålagt for ei rekke store føretak å rapportere etter det nye Berekraftdirektivet (CSRD) frå EU.

  2. Hovedmotivasjon er å bidra til eit meir berekraftig samfunn

    Ein god nummer to er å imøtekomme krav frå kundar og andre interessentar. Flest peikar på myndigheiter og andre offentlege instansar som dei aktørane med størst påverknadskraft på berekraftsarbeidet.

  3. Fleire har gjennomført tiltak i eiga bedrift både innan sirkulær økonomi og sosial berekraft

    Det er størst fokus på interne forhold framfor tiltak som påverkar heile verdikjeda. Det forventast auka fokus på arbeidsforhold i verdikjeda i tråd med implimentering av Åpenheitslova og Berekraftsdirektivet.

Kvifor er Luster Norges nest mest berekraftige kommune i landet?

Berekraft 356 er ei vurdering av status på berekraftsarbeidet i alle norske kommuner. Også denne rapporten er utvikla av PwC, og skal gi ein heilskapleg berekraftsindeks for alle kommunane i Norge.

Kommunane blir vurdert på tre dimensjonar: klima og miljø, sosiale tilhøve, og økonomi og styring.

 

Kjelde: Rapport Berekraft 356

 

Dei mest berekraftige kommunen i følge rapporten er Bærum, med Luster på andreplass. Luster scora høgt på alle dimensjonane, men best på sosiale forhold der dei er rangert som nummer tre, etter Gloppen og Stranda kommune. I følge Ole Gunnar Krakhellen, stabsleiar forvaltning og utvikling i Luster kommune er nettopp dette fokuset på sosiale forhold i kommunen årsaka til rangeringa. Kommuneplanen har ein godt gjennomarbeida samfunnsdel med tydelege satsingsområder som alle spelar opp mot dei dimensjonane PwC brukar som målekriterier.

Korleis gjekk det med resten av kommunene i Sogn?

2. Luster

22. Vik

36. Årdal

47. Aurland

238. Sogndal

255. Lærdal

Sogndal og Lærdal manglar tilstrekkelig data innan klima og miljø-rapportering, og er dermed ekskludert frå den samla kåringa, men er rangert basert på tilgjengeleg data. Det er noko av grunnen til den store avstanden frå resten av Sognekommunane.

Nokre positive punkt kan resten av Sognekommunene ta med seg:

  • Sogndal er rangert som nr 10 på klima og miljøendringar.

  • I Sosiale forhold dimensjonen rangerar Årdal nr ein under inntekt og livskvalitet

  • Sogndal nr tre under moglegheitar

  • Vik er nr ni under helse og tryggleik.

Her kan du lese heile Løypemeldingen

Her finn du rapporten Bærekraft 356

aktueltKaroline Myklebust