Komande arrangement

Me inviterer til mange spennande arrangement. Her finn du komplett oversikt.


Lunsj med påfyll: Sogn Friluftsråd
juni
10.

Lunsj med påfyll: Sogn Friluftsråd

Sogn friluftsråd overtok nyleg eit småbruk i Eidet, inst i Eidsfjorden, som ei gåve frå Sogn folkemuseum. Her vil friluftsrådet setje i stand og utvikle eigedomen til eit regionalt friluftssenter som skal vere ein stad for friluftsliv, aktivitet og undervisning i samarbeid med lokale aktørar.

Det overordna målet til friluftsrådet er å leggja til rette for meir friluftsliv ved fjorden, som ikkje er open og tilrettelagt mange stadar i Sogn. Ei opning mot fjorden og miljøet her har stor effekt på folk, som Fjordstien i Sogndal har vist.

Saman med badestranda, som allereie er veldig populær, ønskjer friluftsrådet å laga ein samanhengande friluftslivsarena. Dette kan bli unikt i vår region, det er ikkje mange stader ein får nesten ein heil fjordarm tilrettelagt for friluftsliv. Kom å høyr om planane for Eidet!

Vis arrangement →
Sogn sider- og matfestival
mai
30.

Sogn sider- og matfestival

Velkomen til Sogn Sider- og Matfestival! 🍏

Laurdag 30. mai frå kl 14:00-18:00 fyller vi Meieriet og Parkvegen i Sogndal sentrum med lokal mat og sider, musikk, aktivitetar og god stemning.

På festivalområdet kan du smake deg gjennom mangfaldet i Sider frå Sogn, møte menneska bak produkta og oppleve lokal mat og drikke frå regionen vår.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Ønskjer du å smake sider hos produsentane, kjøper du smakepakke på området:
275,-

Dette inkluderer:
🍎 Eige siderglas som du får ta med heim
🍎 Tre bongar til smaking hos produsentane

Det vil sjølvsagt også vere mogleg å kjøpe fleire bongar.

Gjennom dagen blir det musikk, underhaldning, konkurransar og aktivitetar for både store og små. Utover kvelden held festen fram, og for dei som ønskjer det blir det mogleg å melde seg på Sidermakars middag. Meir informasjon om dette kjem snart.

Ta med deg vennegjengen eller familien, og bli med på ein smakfull festdag i Fjøra!

Vis arrangement →
Vik 2030
mai
28.

Vik 2030

Har du idear om kva dei tomme lokala i Vik kan bli? La oss finne ut av det saman!

Bli med på ein kveld med god mat, noko å drikke, inspirerande historier frå lokale gründerar og praktisk drøyming. La oss utforske nye moglegheiter, møte kjekke folk og gjere idear om til handling.

  • Når: 28.05.2026 frå 16:45

  • Kor: Startar på FUS, går vidare til Kanteen på Sogn Sparebank

  • Kven: Vik innbyggjarar, studentar, gründerar og huseigarar!

Handling: 👉 Tagg ein ven du vil ha med deg! Meld deg på her:

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Jordomseiling
mai
27.
til 28. mai

Lunsj med påfyll: Jordomseiling

Vår kollega Henrik drar på jordomseiling

Vår kollega Henrik legg snart ut på ei jordomsegling, men korleis går ein eigentleg frå draum til konkret plan?

Kva krevst av førebuingar for å segle jorda rundt, kor mykje tid må ein setje av, kor mye koster det, kva rute vel ein, og kva vurderingar ligg bak vala som blir tekne?

Denne onsdagen tek Henrik oss med inn i arbeidet som ligg bak. Du får eit innblikk i planlegginga så langt, ruta dei har sett seg ut, og kva dei førebur seg på før avreise.

Dette blir ein uformell lunsj med rom for spørsmål og samtale, enten du sjølv går med ein draum om å leggje ut på noko liknande, eller berre er nysgjerrig på kva som skal til for å gjennomføre ei slik reise.

Velkommen til påfyll i lunsjen i Svingen 2. etasje

Vis arrangement →
Sognasmart
mai
20.

Sognasmart

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Vestlandsforsking med nytt forskingssenter for arealbruk
mai
13.

Lunsj med påfyll: Vestlandsforsking med nytt forskingssenter for arealbruk

Kva er berekraftig natur, og arealbruk, og korleis ser det ut i praksis? Kva er dei viktigaste samfunnsmessige barrierane for å få til berekraftig natur, og arealbruk, og kva rolle kan arealplanleggjarar, næringsaktørar og lokale innbyggjarar spele i omstillinga mot berekraft? Dette og mykje meir skal det nye nasjonale senteret for berekraftig natur, og arealbruk, Landfutures, ta føre seg. Senterleiar Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking fortel om ambisjonane for Landfutures, og korleis senteret skal arbeide dei neste åtte åra.

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Vis arrangement →
Hackathon
mai
12.

Hackathon

Rockethouse Hackathon

Klar for å bryne deg på ekte tech-utfordringar saman med dei skarpaste hovuda i Sogn?

Frivind, Highsoft, Relentlessly og Rocketfarm inviterer til hackathon på Rockethouse 12. mai. Her får utviklarar og UX-designarar jobbe med caser frå leiande techbedrifter, i eit miljø der tempoet er høgt og idéane sit laust. Vi vil la deg utforske og visualisere store datasett med AI, predikere korleis framtida ser ut, eller styre ein robotarm.

Dette handlar ikkje berre om å kode, men om å teste idear, samarbeide på tvers og sjå kva som faktisk kan bli til på nokre intense timar.

Utover kvelden skrur vi ned skuldrene og opp stemninga. Baren opnar, pizzaen kjem på bordet, og praten held fram.


Vi samlar techmiljøet i Sogn, bli med!

Vis arrangement →
Kokkekonkurranse for 9. trinn
apr.
20.

Kokkekonkurranse for 9. trinn

Mat- og drikkeambassadøren, Tonje Torvanger, utfordrar til BlomkålBattle. Ein kokkekonkurranse for 9. trinn der blomkål har hovudrolla. Finalistane blir invitert til den regionale finalen i Sogndal, den 20. april 2026. Her vil det vera proft dommarpanel og premiar for dei mest kreative presentasjonene, best samarbeid, hygiene og sjølvsagt den høgthengande 1. plassen som beste kokkelag i Sogn!

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Skapt i Sogn
apr.
15.

Lunsj med påfyll: Skapt i Sogn

Har du lagt merke til at det dei siste månadene har vore liv i dei gamle "Livslyst- lokala"?

I Sogn er det utruleg mange flinke flinke og kreative folk som skapar mykje fint, og godt. Den nyoppretta butikken Skapt i Sogn vart opna i fjor i november. Målet med butikken er å samle produkta til kunstnarar og hanverkar frå Sogn. Det er ei breidde i utvalet frå mat og drikke, til bilder, foto, keramikk, tre, skinn, ull, tekstilar, såper og bøker (med mer). Dei vil etterkvart tilby kursing i ulike teknikkar, få inn kjende og mindre kjende gjesteforelesarar for å presentere mellom anna bøker, skulpturar og bilde. Dei har og samarbeid med skular på agendaen!

Nysgjerrig og vil høyre meir? Ta med deg matpakka og få påfyll både til hovudet og praten.

Arrangementet er gratis og ope for alle

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Sogndal fotball
apr.
8.

Lunsj med påfyll: Sogndal fotball

Denne gongen får vi besøk av Sogndal Fotball, som vil gi eit innblikk i kvardagen både på og utanfor bana. Dei deler erfaringar frå toppidretten, med fokus på lagbygging, prestasjonskultur og korleis ein jobbar målretta over tid for å skape resultat. Vi får møte Mats, som er tilsett i ei nyoppretta prosjektstilling innan kommunikasjon. Han gir eit innblikk i korleis klubben jobbar strategisk med å styrke synlegheita si, byggje merkevare og nå ut til ulike målgrupper.

I tillegg vil dei løfte blikket og snakke om rolla dei har i samfunnet. Kva betyr Sogndal Fotball for lokalsamfunnet, og korleis bidreg klubben til stoltheit, identitet og utvikling i regionen?

Ta med deg matpakka og få påfyll både til hovudet og praten.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

🕛 Tid: onsdag 08. april kl 11:30
📍 Stad: Svingen 2. etasje

Vis arrangement →
Påsketreff i Vik
apr.
1.

Påsketreff i Vik

Bli med på Påsketreff i Vik! 🐣🎿🍻

Nysgjerrig på jobb og moglegheitene som finst i Vik? Etter ein dag på ski eller i solveggen, ta turen innom Blix for ein kaffi, noko godt i glaset og ein triveleg prat!

Her møter du heimflyttarar, tilflyttarar og bedrifter som ser etter akkurat DEG. Kanskje er draumejobben din i Vik, med kort veg til fjellet, gode bumoglegheiter og ein kvardag der jobb og fritid går hand i hand?

👉 Det er heilt gratis å delta!

🎁 Du kan vinne premiar, mellom anna to festivalbillettar til Fres og eit gåvekort på 2000 kroner frå Sogn Sparebank, som kan brukast på opplevingar og tilbod gjennom Visit Sognefjord.

📍 Påsketreffet er i regi av Vik Næringssamskipnad

Program:

17:00–18:00 – Velkomst og mingling med bedriftsbingo
🛋️ 18:00–19:00 – Sofaprat med lokale historier og pengedryss fra Vik ve og vel
🍽️ 19:00–20:00 – Matservering og mingling
😂 20:00–21:00 – Standup
🎶 Etter 21:00 – Musikk, DJ og Dart

For bedrifter:

Bli med og vis fram moglegheitene i Vik! Kanskje møter du framtidas jobbkandidatar?

🏢 Dette får bedrifter:
✅ Standplass for å vise fram jobbmoglegheiter
✅ Moglegheit til å spele inn ein 1-minutts video i forkant, der de viser fram arbeidsplassen og fortel kort om kva de gjer
✅ God tid til mingling og prat
Bedriftsbingo! Deltakarane skal samle stempel eller svare på spørsmål om bedriftene – fullt bingobrett = lodd i premieuttrekking

💡 Framtidsfylket sine beste tips for ein god stand:
Engasjerte folk! Send dei som er stolte av jobben sin – dei beste ambassadørane dine!
Planlegg! Kva vil de vise fram? Eit nytt produkt, eit kult prosjekt eller arbeidskvardagen?
Tenk framover! Har de ikkje ledige stillingar no? Fortel om kva de vil trenge framover – sommarjobbar, trainee-stillingar eller anna.
Ver imøtekommande! Vis interesse, ta kontakt, og inviter folk vidare inn i bedrifta.

Vis arrangement →
Sirkulærdagane @ HVL Sogndal: Gjer avfall om til undring og handling
mars
25.

Sirkulærdagane @ HVL Sogndal: Gjer avfall om til undring og handling

Me gler oss til å sjå dykk på Inspirasjonslunsj!

HVL Skape, Sogn Næring og Biblioteket på HVL inviterar til smakfull lunsj og inspirerande presentasjonar i sirkularitetens teikn.

Bli med på ein inspirerande lunsj der me byggjer bru mellom store idear og verkelege sirkulære løysingar.
Ta ein matbit og høyr frå ulike perspektiv som tenkjer nytt om korleis me ser, sorterer og reddar ressursane våre, og dessutan korleis me tenkjer nytt om rolla vår som miljøaktørar.
Frå visuell historieforteljing og fotografering til dei nyaste initiativa som taklar våre største avfallsutfordringar og korleis me kan forvandla lokalt avfall til funksjonelle, uventa nye rom.

KVA SKJER?

—> Bilete for endring: Fotografi for sosial og miljømessig handling | Dr. Conohar Scott

—> Fremtiden for lokalt avfall: kamp mot plast- og tekstilavfall | Jørn Mortensen, SIMAS

—> Ein berekraftig sirkulær økonomi med omsyn til folk og planetens tolegrenser | Hans Jakob Walnum, Vestlandsforskning

—> Fra skrap til badstover og meir | Jesper Bergsland, HVL

KVAR?
Biblioteket i 4.etg på Høgskulebygget.

NB: Det er bestilt ein mengd med mat, så kom tidsnok for å sikra deg ein herleg matbit frå SmakeMeir! Heilt gratis!

Vis arrangement →
Frukostprat Sogndal: Kunstig intelligens – fra teori til praksis!
mars
24.

Frukostprat Sogndal: Kunstig intelligens – fra teori til praksis!

Kunstig intelligens – fra teori til praksis!

Korleis kan kunstig intelligens brukast i praksis, og kva konkurransefortrinn gir teknologien alt i dag?

På Frukostpraten deler ekspertar frå Atea strategiske perspektiv, konkrete døme og brei erfaring med korleis kunstig intelligens blir teken i bruk i kvardagen. Saman med Sogn og Fjordane Næringsråd og Atea inviterar vi god frukost og litt påfyll om dei nyaste AI-trendane og konkrete eksempel på korleis AI kan skape verdi her og no.

Arrangementet blir halde i Svingebygget på Campus, og det blir servert frukost og kaffi frå Saman. Krever påmelding,

Program
07.45 Dørene opnar
08.00–08.30 Frukost
08.30–08.45 Intro og velkomen ved Sogn Næring og SFN
08.45 Atea
10.00 Ferdig for dagen

Påmelding finn du neders på sia. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dersom du melder deg på, men ikkje møter opp utan å gi beskjed på førehand, vil vi sende eit fråværsgebyr på 500 kroner.

Innleiare

Vegard Rivenes
Strategisk rådgivar i Atea og utdanna filosof.
Ein innsiktsfull og inspirerande formidlar av teknologitrendar, med eit analytisk blikk på framtidas rolle for AI i arbeidslivet.

Richard Bruvik
Konsulentleiar for Digital arbeidsplass i Atea.
Bruvik har over 30 års erfaring med Microsoft-løysingar og forretningssystem, og viser korleis resonnerande AI blir integrert i kvardagen for å skape konkurransefortrinn.



Vis arrangement →
eIDAS etterfest - kven tek posisjon når nye marknader blir skapt?
mars
18.

eIDAS etterfest - kven tek posisjon når nye marknader blir skapt?

Kvifor etterfest?

På Leikanger sit eitt av dei sterkaste samla teknologimiljøa for offentleg sektor i landet. Her utviklar og forvaltar mellom andre Digdir, NAV Økonomiteneste, Statsforvaltarens fellestenester, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen digitale løysingar for heile Noreg.

Når den digitale lommeboka og andre offentlige digitale løysingar vert utvikla frå Leikanger, opnar det seg nye marknader innan teknologiutvikling, integrasjon, tryggleik, identitet og tenestedesign. Behovet for eksterne leverandørar vil auke, både lokalt, nasjonalt og europeisk.

Kva får du på etterfesten?

Ei samling av kundar, leverandører, tilbydarar, offentlige bestillarar, teknologi-og it-seskap.

Vi skal vi summere opp dei viktigaste punkta frå konferansen, vi skal høyre om behova for ekstern kompetanse hjå dei offentlige aktørane på Leikanger og vi skal bli kjend med nokre av dei lokale leverandørane som allereie leverer tenester til offentlige og private verksemder, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Det viktigaste med arrangementet er at mennesker frå ulike organisasjoner får snakka saman og bli betre kjend med dei behova og dermed moglegheitene som finst knytt til digitaliseringa som skjer frå Leikanger.

I kjølevatnet av arrangementet håpar me å sjå nye samarbeid, prosjekt, oppdrag og kanskje på sikt, knoppskytingar og nye arbeidsplassar i Sogn.

Arrangementet er opent for alle, men er spesielt retta mot offentlege bestillarar, etablerte teknologi- og it-selskap, leverandørar og kundar.

Program

1330 - Kvifor Sogn?

  • Velkommen til Sogn

  • Kvifor ligg eit av Norges fremste digitaliseringsmiljø på Leikanger?

Key take aways fro konferansen og kva kan det bety for privat næringsliv?

Digdir vil gi oss ei kort oppsummering av konferansen og kva det kan bety for verdiskaping og utvikling i Sogn og for andre selskap som kan levere tenester til Digdir?

Frå By til bygd: Nasjonale og internasjonale selskap frå Sogn

Vi får høyre frå lokale selskap som har lukkast med å etablere, utvikle og skalere selskap frå Sogn og deira tankar om moglegheitane knytt til dei digitale løysingane som vert utvikla på Leikanger.

1445: Pause - med smak av Sogn

Lokal sider, juice og ost.

1515 - Moglegheitsbilete - Kan Sogn bli neste Fornebu?

Korleis gjekk Fornebu frå å vere eit grått telemonopol til å bli eit av Noregs sterkaste digitale økosystem?

Då teleinfrastrukturen blei utvikla og Telenor gjekk gjennom ei omfattande omstilling, samla det seg djup kompetanse innan tele og digital infrastruktur. Ingeniørar og utviklarar sat tett på kritisk nasjonal infrastruktur og regulatorisk utvikling. Det skapte eit unikt kunnskapsmiljø.

I Sogn har me mange av dei same komponentane. Kan me skape dei same synergiane? Og kva skal til for at me skal lukkast?

I denne delen av programmet vil me høyre frå dei offentlige etatane på Leikanger, kva deira behov for ekstern kompetanse er og kva for potensiale dei ser for lokal utvikling og verdiskaping.

Dialog - Kva no?

Oppsummering og neste steg

Programmet vert avslutta omlag kl. 17, i god tid før flybussen går, for dei som skal nå den.

meld deg på under, slik at me veit kor mange me skal bestille mat og drikke til.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Kjeringi open
mars
18.

Lunsj med påfyll: Kjeringi open

Lunsj med påfyll: Kjeringi Open – vaorens vidlaste eventyr

Kjeringi Open er blitt ein av dei mest særprega og folkekjære arrangementa i Sogn. Midt i april går startskotet på toppen av Kjeringafjellet, 1314 meter over havet, før deltakarane tek turen frå vinter til vår gjennom fjellski, langrenn, springing og terrengsykling heilt ned til fjorden på Hanahaug.

På denne Lunsj med påfyll får vi møte Erlend som gir oss eit innblikk i årets utgåve av Kjeringi Open. Kva ventar deltakarar og publikum i år, og korleis jobbar dei for å vidareutvikle arrangementet som år etter år samlar hundrevis av deltakarar og endå fleire tilskodarar?

Vi får også høyre litt om historia bak løpet som starta i 1993, og korleis det har utvikla seg til ein folkefest som trekkjer både lokale, utflytte sogningar og tilreisande tilbake til Leikanger kvar vår.

Ta med deg matpakka og få påfyll både til hovudet og praten.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

🕛 Tid: onsdag 18. mars kl 11:30
📍 Stad: 2 etg i Innovasjonsbygget

Vis arrangement →
Næringslivsforum 2026 - Linjeforeningene ØKS, Emlis og Ygdrasil
mars
12.

Næringslivsforum 2026 - Linjeforeningene ØKS, Emlis og Ygdrasil

Næringslivsforum er et arrangement som skal koble sammen næringslivet og studentmassen i Sogndal! Årets tema er: Rikdommens pris - Hva skal vi bygge, bevare og leve av? Programmet vi har skal belyse denne situasjonen og forhåpentligvis gi oss en konklusjon på hva rikdommens pris vil være!

Program:
11.00: Dørene åpner
11.30: Velkommen
11.40: Sondre Olsen - Norsk Konkurransekraft
12.10: Pause
12.20: Endre Kildal Iversen - Hytteutbygging
12.50: Food for thought - Lunsj m/ Sogn Næring
14.20: Anders Dugstad - Kraft uten Konflikt
14.50: Pause
15.00: Martin Bech Holte - Landet som ble for rikt
16.00: Slutt

Vis arrangement →
Samling med Siderlauget
mars
3.

Samling med Siderlauget

Meir info kjem

Vis arrangement →
Frukostmøte i Vik - Kommunen og Sognasmeden har ordet
feb.
25.

Frukostmøte i Vik - Kommunen og Sognasmeden har ordet

På vegne av Vik kommune inviterer me til årets første Frukostmøte i Vik.

På agendaen står Kommunenytt, orientering frå Sognasmeden og ein panelsamtale om utviklinga i kommunen, regionen og dei utfordringane me står framfor.

Møte vil starte med kommunenytt frå kommunedirektør Siri Fahlvik Pettersen, deretter vil Yngve Hallèn orientere om arbeidet som Sognasmed. Etter ein beinstrekk og påfyll av kaffe vil me ha ein samtale med Siri (som leiar i KO), Yngve og ordførar Roy Egil Stadheim. Tema for samtalen vil mellom anna vere; korleis dei ulike kommunane og regionane evnar å gå i takt. Klara me å bygge kommunane og regionen samtidig? Er me rause nok med kvarandre? Er tenestesamarbeid løysinga for distrikta? og kva krev det av oss som innbyggjarar og organisasjonar for å lukkast med å bygge ein sterk region?

Som alltid startar me møte med frukost kl. 0730. Arrangementet byrjar kl. 8. Vel møtt!

Vis arrangement →
Mangfald og inkludering i Sogn: Felles avspark
feb.
24.

Mangfald og inkludering i Sogn: Felles avspark

Velkomen til eit arrangement der vi markere at vi ynskjer å legge eit enda større fokus på mangfald og inkludering i arbeidsmarknaden i Sogn!

Programmet starter med at vi trekker fram gode eksempler på mangfald- og inkluderingsarbeid i regionen per dags dato. Om du jobbar med noko spennande og relevant innanfor temaet du ynskjer å presentere, ta gjerne kontakt.

Deretter vil Daniel Getaneh halde eit føredrag til inspirasjon og ettertanke. Daniel har blitt eit ettertrakta namn innafor temaet, og har dei siste åra mellom anna skreve boka “kampen om tilhørlighet”, og hjelpt over 100 virksomheiter med mangfaldsarbeid. Han kjem for å inspirere til positiv endring, og fortelje historier om kor viktig det er å føle tilhørsel, både på individnivå og i fellesskapet. Vi vil og høyre om korleis bedrifter kan jobbe målretta og konkret med aktivitet- og redgjøringsplikta.

Etter lunsj vil Sogn Næring sitt nye tilskot, Catarina Batista, lede ein idéverkstad basert på ekte problemstillingar innanfor mangfald- og inkluderingsarbeid hjå bedrfiter i Sogn.

Arrangementet bil føregå i det nyaste bygget på Campus Sogndal, Svingen, i 2. etasje. Bygget ligg på den kortsida av fotballbana som vendar ned mot sentrum.

Vis arrangement →
Fjellpitch 2026
feb.
19.

Fjellpitch 2026

Hald av 19. februar 15.00- då går den årlege Fjellpitch igjen av stabelen!

Deltakarane frå 2025

I år som i fjor blir pitchekonkurransen arrangert på hotellet, som ein del av den kjende og kjære Fjellsportfestivalen. Arrangementet er sjølvsagt også ope for publikum, og vi håpar å sjå rekordmange i salen for å heie fram pitcharane.

Vi startar klokka 15.00, så du har god tid til å stå laori møyre i pudder før du tek turen til hotellet. Vi held på fram til nærmare 18, der vi avslutter med pizza til dei frammøtte. Deretter ligg alt til rette for å ta turen vidare til føredraget med Krister Kopala klokka 18.00, mett i magen og full av gründerinspirasjon.

NB! Du treng ikkje festivalpass som publikum på fjellpitch.

Programmet består av:

  • Eit føredrag med tidligare deltakar Lars Rørhus. Han kjem for å fortele om sin gründerreise med selskapet Byteform.

  • Pitchekonkurranse

  • Informasjon frå relevante aktørar og arrangementet sine sponsorar

  • Premieutdeling

  • Pizza

Som publikum treng du berre å møte opp. Dersom du ønskjer å pitche ein idé må du melde deg på. Alt om retningslinjene for påmelding og sjølve påmeldinga finnar du her . (Påmeldinga er no stengt)

Nytt for publikum i år: Vi trekker ut premie frå publikum. Premiane du kan vinne er:

  • Fire konsertbillettar til VEKAO i mars

  • Festivalpass til Fjellsportfestivalen 2027

  • Helgepass i Sogndal skisenter

Vi håpar å sjå deg der!

Catarina, Stig og Ida

Tusen takk til vår hovedsponsor!:

Vis arrangement →
Sognafest 2026
jan.
30.

Sognafest 2026

Ein festkveld på Quality Hotel Sogndal der vi feirar oss sjølve og alt det gode som rører seg i regionen. Kvelden byr på levande musikk, kunstnariske innslag og små overraskingar som skapar god stemning frå start til slutt. Vi deler ut heider og prisar til menneske og prosjekt som løftar Sogn og gjer regionen vår endå sterkare. Det heile vert supplert med lokale rettar og leskande drikke frå dei beste produsentane i Sogn, slik at både gane og sinn får sitt.

Les meir om Sognafest her

Vis arrangement →
Frukostmøte Sparebanken1 Sogn og Fjordane
jan.
29.

Frukostmøte Sparebanken1 Sogn og Fjordane

Klikk på bilde for å melde deg på

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Bioland - pyrolyse i energisystemet
jan.
22.

Lunsj med påfyll: Bioland - pyrolyse i energisystemet

Bioenergi og pyrolyse i energisystemet – nokre perspektiv på framtidas energimiks

Korleis heng eigentleg bioenergi og pyrolyse saman med resten av energisystemet, og kva rolle kan slike løysingar spele i omstillinga vi står midt i?

I denne utgåva av Lunsj med påfyll får du ei kort og overordna fagleg innføring i bioenergi og pyrolyse, sett inn i ein større energisamanheng. Innlegget er meint å gi forståing og perspektiv, ikkje fasitsvar.

Representantar frå Bioland AS deler erfaringar og refleksjonar rundt energimiks, skilnaden på straum og varme, og kvifor det er behov for fleire energiberarar i framtidas energisystem. Du får òg ei enkel forklaring på kva pyrolyse er, kva ein får ut av prosessen, og kvifor teknologien blir omtalt både som ei energiløysing og eit klimaverktøy.

Ta med deg matpakka og få påfyll både til hovudet og praten.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

🕛 Tid: Torsdag 22. desember kl. 11.30
📍 Stad: 2 etg i Innovasjonsbygget

Vis arrangement →
Frukostmøte Kaupanger
jan.
22.

Frukostmøte Kaupanger

Velkommen til frukostmøte på ViteMeir! På vegne av Sogn Næring/Sogn Biohub og SIMAS skal Bioland gjennomføre ei energikartlegging og analyse av moglegheitane for etablering av pyrolyseanlegg på Kaupanger Industriområde.

Vi ynkjer å invitere lokalt næringsliv og andre interessentar for å lære meir om planane, kome med innspel og få innsikt i moglegheitane i dette prosjektet. Eit pyrolyseanlegg kan potensielt produsere store mengder varme som kan transporterast og utnyttast som oppvarming i nærliggande bygg.

Program

07:30 Frukost

08:00 Velkommen

08:05 SIMAS vil gi ei kort innføring i pyrolyseprosjektet PyroLYSE utsikter, der SIMAS og partnarane arbeider for å etablere eit sirkulært verdikjedesamarbeid for biokolproduksjon på Kaupanger. Ho vil dele innsikt frå arbeidet med å kartlegge ressursgrunnlag, teknologival og mogleg energibruk frå eit framtidig pyrolyseanlegg.

08:25 Vestlandsforsking har gjennomført ei materialstraumsanalyse der dei har kartlagt bilogisk overskotsmateriale på Kaupanger, samt nokre fraksjonar frå eit større geografisk område. Dei vil presentere funna frå dette arbeidet, og fortelje om deira syn på korleis desse resurssane kan best utnyttast.

08:45 BioLand er ein norsk leverandør av løysingar innan fornybar energi. Dei prosjekterer, leverer og byggjer energianlegg basert på mellom anna biobrensel, solkraft og pyrolyse. Selskapet har lang erfaring med utvikling av komplette energisentralar, frå planlegging og søknadsprosess til ferdig drift. Under arrangementet vil dei dele erfaringar og vise korleis eit pyrolyseanlegg kan utnytte lokale ressursar og bidra til grøn verdiskaping på Kaupanger industriområde.

09:30 Avslutting

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Velkommen!

Vis arrangement →
Siderlauget: Studietur til Berlin
jan.
16.
til 19. jan.

Siderlauget: Studietur til Berlin

Meir info kjem fortløpande

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: The SOS project med Vegard Aasen
jan.
14.

Lunsj med påfyll: The SOS project med Vegard Aasen

Denne gongen får vi besøk av fotograf og eventyrar Vegard Aasen, mannen bak SOS-prosjektet. Med sterke bilete og rå historier brukar han kunst og friluftsliv som verktøy for å rope varsku om natur i krise, frå smeltande isbrear i Alpane til truga landskap ved Jostedalsbreen.

Vegard vaks opp med breen som bakgard og har sett endringane med eigne auge. Gjennom spektakulære lysinstallasjonar og fotografi sender han eit tydeleg naudsignal til oss alle, naturen kan ikkje forsvare seg sjølv, det er vi som må gjere det.

Dette blir ein lunsj som gir deg meir enn berre mat i magen. Du får inspirasjon, eit spark bak, og kanskje ei litt ubehageleg påminning om at tida for å handle er no.

Vis arrangement →
Kampen om Førdefjorden
des.
10.

Kampen om Førdefjorden

Lunsj med påfyll: Kampen om Førdefjorden

Stina frå Naturvernforbundet kjem for å fortelje om den pågåande miljøsaka i Førdefjorden. Staten har gitt Nordic Mining løyve til å drive gruveverksemd med deponi i fjorden, ei fjord som er kjend for store naturverdiar med fleire raudlista artar og som i tillegg er ein nasjonal laksefjord.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at vedtaket om fjorddeponi er fatta på ulovleg grunnlag, og har derfor teke staten til retten for å hindre alvorlege miljøkonsekvensar for fjorden og livet i sjøen. I august fekk organisasjonane medhald i Borgarting lagmannsrett, og løyvet vart kjent ugyldig. Staten har anka saka til Høgsterett, så utfallet er framleis uvisst.

Samtidig held Nordic Mining fram som planlagt. Miljøorganisasjonane bad om midlertidig stans av gruvedrifta, men staten sa nei. Dei har derfor reist søksmål mot selskapet for midlertidig forføyning om å stoppe dumpinga. Saka vart behandla i Sogn og Fjordane tingrett i oktober, der Naturvernforbundet og Natur og Ungdom tapte og vart ilagt saksomkostningar på 2,5 millionar kroner.

Velkomen til ei lærerik og aktuell stund i lunsjen.

Vis arrangement →
Campus julelunsj og quiz
des.
9.

Campus julelunsj og quiz

Tysdag 9. desember inviterer Campus Sogndal alle tilsette i bygget til ei koseleg julelunsj. Vi serverer varm graut og saft, og set stemninga med ein liten julequiz der du kan vinne fine premiar.

Velkomen til ei triveleg førjulsstund saman med gode kollegaer.

Påmeldingsfrist 02. desember. Om du har glemt å melde deg på, send en mail til henrik@sognnaring.no

Vis arrangement →
Grøn Fredag Sogndal
nov.
28.
til 29. nov.

Grøn Fredag Sogndal

Grøn fredag på Det Gule Huset Sogndal

Velkomen til to dagers feiring av gjenbruk, deling og berekraft! Denne fredagen inviterer vi til Grøn fredag, eit alternativ til kjøpepress og Black Friday, der vi set fokus på berekraftig forbruk, lokale verdiar og fellesskap.

Torsdag 27. november

Dette er ein perfekt moglegheit tili å rydde i skap og boder! Kl. 16.00 - 19.00 tar vi imot kle og utstyr til ombruksmarknaden. Hugs å merke alt du skal selje med pris og telefonnummer for Vipps! Kle blir levert på eige ansvar.

Fredag 28. november

Vi opnar dørene for loppemarknad 14:00. Loppemarknaden vil halde ope til 20:00.

Fredagskvelden blir ekstra spennande når Lise frå Poden og Boden Sogndal, Sogndals beste gjenbrukstilbod for klè, og Gunn og Siri frå Myrudl deler sine historier. Gunn og Siri vil fortelje om hjartebarnet Myrudl, eit mjukt, spenstig og plantefarga luksusgarn frå Vik i Sogn, der produksjonen er tett knytt til natur, tradisjon og sirkulær tankegang heilt ned mot grasrota. Føredraga startar 19:00 i 2.etg på Gulehuset. Det gule huset held ope til midnatt med servering av mykje godt, så vi hopar mange har lyst til å utnytte sjansen til å samlast for ein kjekk kveld.

Lørdag 29. november

Lørdag opnar vi dørene til loppemarknaden klokka 10:00 og held ope til 14:00. Det blir også aktivitetar for barn i regi av trivselssentralen.

Grøn fredag handlar om å bruke ressursane vi allereie har, om å ta vare på naturen og støtte lokale initiativ som byggjer framtida på samarbeid, kvalitet og omtanke. Velkommen!

📍 Det Gule Huset, Sogndal
🕐 Torsdag frå 16:00 til 20:00
🕐 Fredag frå 16:00 til 00:00
🕐 Lørdag frå 10:00 til 14:00
💚 Arrangørar: Sogn Næring, SIMAS, Fremtiden i våre hender og Trivselssentralen

Vis arrangement →
Teknojenter: Idéverkstad under Teknologiveka i Årdal
nov.
14.

Teknojenter: Idéverkstad under Teknologiveka i Årdal

Korleis kan arbeidslivsaktørar i Sogn bidra til å motivere jenter til å velje teknofag, og sikre større deltaking i eit digitalt og grønt arbeidsliv?

Vi inviterer til idéverkstad! Denne gongen med arbeidslivsaktørane i Sogn.

Vestlandsforskning har teke initiativ til det spennande prosjektet “Teknojenter”. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle gode praksisar her i Sogn som motiverer fleire jenter til å velje teknologifag og dermed auke mangfald og inkludering i teknologibransjen.

  • Ynskjer du meir informasjon om prosjektet, kan du lese om det her.

I mars arrangerte vi TeknoJentedagen på ViteMeir gjennom prosjektet Teknojenter, og i juni inviterte vi tilsette ved barnehagar, ungdomsskular og vidaregåande skule til en idéverkstad for å få deira tankar om rekruttering. No ynskjer vi å samle arbeidslivsaktørar i Sogn under Teknologiveka for ein ny viktig idéverstad.

Kvifor? Teknologifag spelar ein nøkkelrolle i utvikla av næringslivet i Sogn og resten av verda, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal vi sikre verdiskaping og omstilling i det teknologiske og grøne skiftet, treng vi fleire unge, spesielt jenter, til å velje teknologirelaterte utdanningar og yrke.

Kven? Arbeidslivsaktørar i Sogn som treng teknologikompetanse og som kan vere med å inspirere og motivere jentene i regionen til å velje teknologifag.

Kor og når? 14. novemember frå klokka 09.00- 12.00 på Årdal Teknologipark. Maxwell audiorium.

Dagen vil innehalde:

  • nyttig informasjon om jenter i teknologi i Sogn

  • spennande felles arbeid og idéutveksling

  • avrunding med felles lunsj

Vi håpar arbeidslivsaktørar i Sogn ynskjer å delta på arrangementet for å styrke rekrutteringa til teknologifaga i framtida.

Meld deg gjerne på i skjemaet.

Håpar vi sjåast!

Spørsmål? ida@sognnaring.no / 92656975

Vis arrangement →