Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte i Vik: Kommuneplan og profil- og merkevara Sogn

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Dato: 18. august
Tid: 07:30–09:30
Stad: Blix Hotel, Vik

Vik Næringssamskipnad inviterer næringslivet, innbyggjarar og andre interesserte til frukostprat på Blix Hotel.

Denne morgonen står kommuneplanen på agendaen. Du får ei oppdatering på arbeidet og høve til å stille spørsmål og ta del i samtalen om utviklinga av Vik.

I tillegg kjem Jeppe frå Sogn Næring for å snakke om omdømmebygging, profil- og merkevara Sogn. Kva er verdien av å stå samla som region, og korleis kan ein tydelegare profil styrkje Sogn som ein attraktiv stad å bu, arbeide, besøkje og drive næring?

Vi startar som vanleg med frukost kl. 07:30, før programmet tek til kl. 08:00.

Vel møtt til ein morgon med fagleg påfyll, aktuelle oppdateringar og gode samtalar!

 
Forrige
Forrige
10. august

Sogn Næring på Arendalsuka

Neste
Neste
25. august

Frukostmøte Green Hydra