Tilbake til alle arrangementer

FOLKA 2026 - Eit arbeidsliv i endring

  • Sogn Næring AS Skei Norway (kart)

FOLKA 2026: Eit arbeidsliv i endring

Framtidas arbeidsliv krev at vi tenkjer nytt. Teknologien utviklar seg raskare enn nokon gong, kompetansebehova endrar seg og konkurransen om arbeidskrafta blir stadig tøffare. For verksemder i Vestland handlar det ikkje lenger berre om å fylle ledige stillingar, men om å sikre rett kompetanse for framtida.

Onsdag 18. november samlar FOLKA folk frå heile Vestland på Grand Hotel Skei til ein dag om rekruttering, kompetanse og attraktive arbeidsplassar.

Korleis skal vi rekruttere i åra som kjem? Kva kompetanse treng vi eigentleg? Og korleis kan vi tiltrekkje, utvikle og behalde folk, særleg i distrikta?

Dette får du med deg:

  • Framtidsstrateg og etnolog Ida Hult om KI, arbeidsliv og kva folk ser etter når verda endrar seg

  • Kva nye reglar i arbeidslivet betyr for verksemda di, med Kjartan Almenning frå Abelia og panelsamtale med lokale partar

  • Resultata frå Talent City Index Vestland 2026: Kor attraktivt er Vestland for arbeidskraft og tilflyttarar?

  • Miniseminar i employer branding med Hans-Petter Stub

  • Konferansier Irene Kinunda Afriyie om kvifor mangfald er eit strategisk val

FOLKA er for deg som jobbar med rekruttering, HR, kommunikasjon eller leiing. Du får praktiske verktøy du kan ta i bruk med ein gong, ny kunnskap og høve til å møte andre som står i dei same utfordringane.

FOLKA er eit samarbeid mellom Framtidsfylket, NHO Vestland, Sogn Næring, Nordfjordkompaniet og Sunnfjord Utvikling.

Dato: 9. september 2026
Stad: Grand Hotel Skei, Sunnfjord

Forrige
Forrige
28. oktober

Frukostmøte i Vik: Ny kommunedirektør og innsikt frå Drivkraft