Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte: Frå kraft til verdiskaping, korleis skapar vi framtidas grøne næringsliv?

  • Svingen Campus Sogndal (kart)

Dato: Torsdag 27. august
Tid: Frukost frå kl. 07:30, fagleg program frå kl. 08:00
Stad: 2. etasje, Svingen, Fosshaugane Campus Sogndal

Korleis kan Sogn utnytte fortrinna våre til å skape nye arbeidsplassar og styrkje den grøne omstillinga?

På dette frukostmøtet får du møte to sentrale stemmer som løftar blikket mot framtidas moglegheiter for regionen.

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal i Sognekraft deler perspektiv på korleis tilgang til rein kraft kan bli grunnlaget for ny industri og auka verdiskaping i Sogn. Mellom anna vil han snakke om planane for eit hyperscale-datasenter i Gaupne, eit prosjekt som kan utløyse investeringar på opptil 50 milliardar kroner og skape store ringverknader for regionen. Kva skal til for at slike moglegheiter faktisk kjem lokalsamfunnet til gode?

Deretter tek Joaquin Zenteno Hopp frå Vestlandsforsking oss vidare inn i samtalen om grøn omstilling. Gjennom ei kort workshop inviterer han deltakarane til å diskutere konkrete tiltak som kan gi grøne initiativ i Vestland større gjennomslag på tvers av kommunar, fylke og stat. Målet er å samle innspel til korleis gode idéar og prosjekt lettare kan omsetjast til handling.

Dette blir ein morgon med fagleg påfyll, aktuelle perspektiv og gode diskusjonar om korleis vi saman kan styrkje utviklinga av Sogn.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Vi håpar å sjå både næringsliv, offentleg sektor, studentar og andre interesserte til ein inspirerande start på dagen.

Påmelding

Forrige
Forrige
18. august

Frukostmøte i Vik: Kommuneplan og profil- og merkevara Sogn

Neste
Neste
1. september

Nytilsett eller ny i Sogn? Bli kjent med livet i Sogn!