Tilbake til alle arrangementer

Karrierefestival Campus Sogndal

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Karrierefestivalen 2026

Torsdag 21. oktober samlar Karrierefestivalen studentar, bedrifter og organisasjonar til ein heil dag med karriere, kompetanse og nye møte på Campus Sogndal.

Gjennom dagen blir det bedriftsstandar, føredrag, karriereaktivitetar og workshops, før festivalen held fram på Meieriet på kveldstid med bedriftspitch, quiz, mingling og konsert med Sjeleven.

Karrierefestivalen er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, linjeforeiningane, Saman, Framtidsfylket Vestland og Sogn Næring. Målet er å byggje relasjonar mellom studentar og arbeidslivet, synleggjere karrieremoglegheitene i regionen og styrkje rekrutteringa til Sogn.

Dato: 21. oktober 2026
Stad: Campus Sogndal og Meieriet

I 2026 er det gratis for bedrifter å delta, men talet på plassar er avgrensa.

Forrige
Forrige
20. oktober

Frukostmøte i Sogndal: Marint vern av Sognefjorden

Neste
Neste
28. oktober

Frukostmøte i Vik: Ny kommunedirektør og innsikt frå Drivkraft