Klar for å bryne deg på ekte tech-utfordringar saman med dei skarpaste hovuda i Sogn?
Frivind, Highsoft, Relentlessly og Rocketfarm inviterer til hackathon på Rockethouse 12. mai. Her får utviklarar og UX-designarar jobbe med caser frå leiande techbedrifter, i eit miljø der tempoet er høgt og idéane sit laust. Vi vil la deg utforske og visualisere store datasett med AI, predikere korleis framtida ser ut, eller styre ein robotarm.
Dette handlar ikkje berre om å kode, men om å teste idear, samarbeide på tvers og sjå kva som faktisk kan bli til på nokre intense timar.
Utover kvelden skrur vi ned skuldrene og opp stemninga. Baren opnar, pizzaen kjem på bordet, og praten held fram.