Lunsj med påfyll: Kjeringi Open – vaorens vidlaste eventyr
Kjeringi Open er blitt ein av dei mest særprega og folkekjære arrangementa i Sogn. Midt i april går startskotet på toppen av Kjeringafjellet, 1314 meter over havet, før deltakarane tek turen frå vinter til vår gjennom fjellski, langrenn, springing og terrengsykling heilt ned til fjorden på Hanahaug.
På denne Lunsj med påfyll får vi møte Erlend som gir oss eit innblikk i årets utgåve av Kjeringi Open. Kva ventar deltakarar og publikum i år, og korleis jobbar dei for å vidareutvikle arrangementet som år etter år samlar hundrevis av deltakarar og endå fleire tilskodarar?
Vi får også høyre litt om historia bak løpet som starta i 1993, og korleis det har utvikla seg til ein folkefest som trekkjer både lokale, utflytte sogningar og tilreisande tilbake til Leikanger kvar vår.
Ta med deg matpakka og få påfyll både til hovudet og praten.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
🕛 Tid: onsdag 18. mars kl 11:30
📍 Stad: 2 etg i Innovasjonsbygget