Tilbake til alle arrangementer

Sirkulære Sogn 2026

  • Quality Hotel Sogndal 5 Gravensteinsgata Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

22. september 2026 | Sogndal

Sirkulære bygg i praksis

Parallellsesjon under Klimaomstillingskonferansen 2026

Bygg- og anleggsnæringa står for ein stor del av både ressursbruk og klimagassutslepp. Samstundes opnar nye krav, ny teknologi og nye forretningsmodellar for heilt nye måtar å planleggje, bygge og forvalte bygga våre på.

På Sirkulære Sogn 2026 samlar vi arkitektar, entreprenørar, kommunar, forskingsmiljø og næringsliv til ein fagdag om sirkulære bygg. Gjennom konkrete døme, ny forsking og diskusjonar på tvers av fagmiljø ser vi nærare på korleis ombruk av materialar, smartere planlegging og nye verdikjeder kan bidra til både klimagasskutt og ny verdiskaping.

Arrangementet er ein del av Klimaomstillingskonferansen og blir avslutta med eit ope FoU-møte der næringsliv, kommunar og forskingsmiljø møtest for å diskutere nye prosjekt og samarbeidsmoglegheiter innan sirkulære bygg og byggematerialar.

Tid: 22. september 2026
Stad: Klimaomstillingskonferansen, Quality Hotel Sogndal

Meld deg på via lenka her: https://events.provisoevent.no/hvl/events/klimaomstilling26/register/cat/b416d424-f1d1-42e7-a82c-8254b5376df4

Forrige
Forrige
18. september

Innovasjonsdagen Sogn 2026