Tilbake til alle arrangementer
Sogn på Bergen Matfestival 2026! 🍎
Sogn er igjen på plass under Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival, ein av Noregs største møteplassar for lokalmat og drikke. Her samlar vi produsentar frå heile regionen som byr på smakar frå Sogn, frå prisvinnande sider og ostar til kjøt, spekemat, bakst, frukt, og andre lokalmatprodukt.
Kom innom Sognagata vår for å møte dei dyktige produsentane og smak på det beste Sogn har å by på. Vi gler oss til å dele matglede, gode historier og smaken av Sogn med både nye og kjende festivalgjester.
Vi sjåast på Bergen Matfestival!
Medan vi ventar, så mimrar vi tilbake til fjorårets festival!