Sogn friluftsråd overtok nyleg eit småbruk i Eidet, inst i Eidsfjorden, som ei gåve frå Sogn folkemuseum. Her vil friluftsrådet setje i stand og utvikle eigedomen til eit regionalt friluftssenter som skal vere ein stad for friluftsliv, aktivitet og undervisning i samarbeid med lokale aktørar.
Det overordna målet til friluftsrådet er å leggja til rette for meir friluftsliv ved fjorden, som ikkje er open og tilrettelagt mange stadar i Sogn. Ei opning mot fjorden og miljøet her har stor effekt på folk, som Fjordstien i Sogndal har vist.
Saman med badestranda, som allereie er veldig populær, ønskjer friluftsrådet å laga ein samanhengande friluftslivsarena. Dette kan bli unikt i vår region, det er ikkje mange stader ein får nesten ein heil fjordarm tilrettelagt for friluftsliv. Kom å høyr om planane for Eidet!