Tilbake til alle arrangementer

Kva treng næringslivet i Sogn for å vekse?

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Kva treng bedrifter i Sogn av rådgjeving, kompetanse og nettverk for å vekse? Saman med Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune inviterer vi deg til ein arbeidsverkstad der dine innspel er det viktigaste. Sogn kan få eit næringshageprogram, og dine behov påverkar kva det skal innehalde.

Bli med og form eit nytt tilbod for næringslivet i Sogn: 

Når: Måndag 19. oktober kl. 14.00–18.00
Kvar: Svingenbygget, Fosshaugane Campus, Sogndal

Kaffi og noko å bite i frå kl. 13.30. Det er gratis å delta.

Dette er ein arbeidsverkstad, ikkje ein konferanse. Du sit saman med andre bedrifter frå heile Sogn og fortel kva som skal til for at bedrifta di skal kome vidare, og korleis tilbodet må sjå ut for at du faktisk vil bruke det.

Program

13.30 Registrering, kaffi og lokalmat
14.00 Velkomen: kvifor vi er her
14.15 Kvar vil vi, og kva stoppar oss? (bransjebord)
15.20 Lokalmat og mingling
15.45 «Slik brukte vi næringshagen»: erfaringar frå ei bedrift
15.55 Slik bør programmet vere
16.40 Kven gjer kva, og kvar er hola?
17.10 Felles prioritering
17.35 Vegen vidare
18.00 Slutt

Kvifor delta?


• Du er med og bestemmer kva tilbodet skal innehalde
• Du møter andre bedrifter frå heile Sogn, på tvers av bransjar og kommunar
• Du får vite kva næringshageprogrammet kan bety for bedrifta di

Vi håpar du vil vere med og forme tilbodet. Meld deg på arbeidsverkstaden og del kva di bedrift treng for å utvikle seg vidare.

Forrige
Forrige
13. oktober

Campusløpet- eit innsamlingsinitiativ med TV-aksjonen

Neste
Neste
20. oktober

Frukostmøte i Sogndal: Marint vern av Sognefjorden