Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte i Vik: Ny kommunedirektør og innsikt frå Drivkraft

  • Blix Hotell 44 Sentrumsgata Vik i Sogn, Vestland, 6893 Norway (kart)

Dato: 28. oktober
Tid: 07:30–09:30
Stad: Blix Hotel, Vik

Vik Næringssamskipnad inviterer næringslivet, innbyggjarar og andre interesserte til frukostprat på Blix Hotel.

Denne morgonen får vi bli betre kjende med Vik sin nye kommunedirektør, Gunhild Berge Stang, som kjem for å presentere seg og møte næringslivet.

I tillegg kjem Alfred Bjørlo frå Drivkraft for å fortelje om moglegheitene dei tilbyr for næringslivet.

Line Bjelde kjem og fortel om status ny eigarstruktur hos Sogn Næring.

Til slutt fortel Kamilla Kaslegard om eit spennande prosjekt som potensielt kan komma til Vik.

Vi startar som vanleg med frukost kl. 07:30, før programmet tek til kl. 08:00.

Vel møtt til ein morgon med aktuelle oppdateringar, fagleg påfyll og gode samtalar!

Hugs å meld dykk på via skjemaet.

Forrige
Forrige
21. oktober

Karrierefestival Campus Sogndal

Neste
Neste
18. november

FOLKA 2026 - Eit arbeidsliv i endring