Catarina fortel om åra ho jobba i IdeaSquare, innovasjonsrommet ved CERN i Genève. Kva kan vi lære av fysikarar og forskarar som kjem frå heile verda for å løyse dei største gåtene i universet vårt? Korleis går dei fram, og korleis kan det brukast i innovasjon?
Kva er Lunsj med påfyll?
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.