Lunsj med påfyll 🥯
Lunsj med påfyll er ein lågterskel møteplass for deg som vil ha litt ekstra fagleg eller inspirerande påfyll i lunsjen! Vi inviterer gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller til og med drøymen sin med oss.
Ta med deg matpakka di, og ta turen til 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus Sogndal. Vi serverar kaffi og te, og er du heldig har Henrik fyrt opp svele-takka også.
Sogn Næring er sjølvsagd til stades både før og etter arrangementet om du vil slå av ein prat med oss.
📢 Fagleg eller inspirerande foredrag
👌 Arrangementet er gratis og opent for alle!
☕️ Vi byr på kaffi og te, og kanskje noko å eta på
Har du lyst til å fortelja om prosjektet ditt på Lunsj med påfyll, eller har du forslag til personar, prosjekt eller tema vi bør invitere? Ta kontakt med Henrik!
Kommande arrangement
Tidligare arrangement
Co-forfattaren av boka Toppturar i Sogn, Andreas Hasslestad, deler historia bak boka som har blitt ein favoritt blant toppturentusiastar i Sogn.
Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestland inviterer til Innovasjonsdagen Sogn Kick-off!
I september blir Innovasjonsuken Opp arrangert på Vestlandet, og her i Sogndal gler me oss til å invitera til Innovasjonsdagen Sogn den 19. September 2024. Festivalsjef Christina Sundli-Härding tek turen frå Bergen for å fortelja om årets festivaltema - “OPPned”.
Denne onsdagen får vi besøk av Stian og Randi frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Stian skal ta oss gjennom kva banken har drive med, kva dei driv med i dag og kva slags planar dei har for framtida.
Har du nokon gang tenkt over kven som står bak designe på etikkene på all maten og drikke vi kjøpar? Vell, nå har du mogligheita til å møte ein av dei. Vi får nemlig besøk av grafisk designer Jorunn Karin Kvalvik som med røter i Årdal har lyst å komme å hilse på oss sogninger. Jorunn har ein brei erfaring innan grafisk design, merkevarebygging, og identitetsutvikling. Med ein bachelorgrad frå England og over to tiår i bransjen, har Jorunn jobba med alt frå store nasjonale merker som TINE og Diplom-Is til småskalaprodusentar som Balholm/Ciderhuset.
Hilde G. Corneliussen, leiar for forskingsgruppa teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking, tek oss gjennom hovudfunna sine frå boka «Reconstructions of Gender and Information Technology: Women doing IT for themselves».
Sogn U40 er eit profesjonelt nettverk av målretta unge, som vil vere med å skape framtida i regionen.
Dei skal bidra til og leggja til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle i og rundt kommunane Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland, Vik og Høyanger. Nettverket rettar seg mot både privat og offentlege verksemder.
Me ønskjer å invitera til ein lærerik lunsj der du vil få eit eksklusivt innblikk i prosjektet og kva problem dei står rundt. Det vil bli presentert spel dei har sett i gang produksjon av prototype, og dessutan ein test av eit nytt spel.
Det nærmar seg eit av årets store arrangement i Sogndal, nemleg Fjellsportfestivalen! Vi har fått med oss festivalsjef Kamilla Marifjæren som kjem for å presentere nyheitene for årets festival, og dei mest spennande tinga på programmet.
Eirik Hansen har nylig blitt nominert til årets eventyrer. Han kjem på besøk til oss for å fortelle sine mange eventyr
Halvor vil ta oss med på si reise som speaker og føredragshaldar, og korleis han klarer å spre glede til folk med sin uthaldande og fantastiske røyst.
Er di bedrift god på inkludering? Vi kan heilt sikkert bli enda betre. Sogn for alle driv Mentorprogrammet for verksemder som vil utvikle inkluderingskompetansen sin, og kjem til lunsj med påfyll for å gi oss ei innføring i kva programmet går ut på.
Kristin frå Sogndal Skisenter kjem for å fortelje om drift, sesongen som var og deira planar framover.
Er du og bedrifta di synleg på LinkedIn? Eller skjønar du ikkje heilt poenget med endå ein sosial kanal du bør bruke tid på?