Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Fra ide til brettspill

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Me får besøk av Simen som er student frå HVL. Han og ein kompis er midt i eit prosjekt om å laga eit brettspel og med det bygget eit spel selskap.

Me ønskjer å invitera til ein lærerik lunsj der du vil få eit eksklusivt innblikk i prosjektet og kva problem dei står rundt. Det vil bli presentert spel dei har sett i gang produksjon av prototype, og dessutan ein test av eit nytt spel.

Eit av spela som blir presenter vart kåra til beste brettspel under Global Game Jam Førde, som er ein nyskapnings konkurranse for spelutvikling.

Vel møtt til ein underhalda og lærerik lunsj.

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.