Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Fjellsportfestivalen 2024

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Det nærmar seg eit av årets store arrangement i Sogndal, nemleg Fjellsportfestivalen! Vi har fått med oss festivalsjef Kamilla Marifjæren som kjem for å presentere nyheitene for årets festival, og dei mest spennande tinga på programmet.

Fjellsportfestivalen vert arrangert årleg i Fjellsporthovudstaden Sogndal, og syner fram bygdi sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Festivalen skal inspirere, motivere, utdanne, underhalde, utfordre, samle og engasjere dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.

 
Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Tidligere arrangement: 24. januar
HR-Nettverk kick-off samling
Senere arrangement: 8. februar
Bli kjent med næringslivet på Campus Sogndal