Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Mentorprogrammet til Sogn for alle

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Er di bedrift god på inkludering? Vi kan heilt sikkert bli enda betre. Sogn for alle driv Mentorprogrammet for verksemder som vil utvikle inkluderingskompetansen sin, og kjem til lunsj med påfyll for å gi oss ei innføring i kva programmet går ut på.

Ein mentor er ein læremeister, det er den gode kollegaen som får og tek ansvar når det kjem nye på arbeidsplassen. Tema i programmet er kulturforståing og kulturforskjellar, arbeids- og språktrening, kommunikasjon og system for oppfølging.

Eirin Kormeset jobbar med prosjektet gjennom Sogn Regionråd, og kjem til Lunsj med påfyll både med tips til korleis vi alle kan bli betre, og info om mentorprogrammet.

Sogn Næring stiller med kaffi og te! Ta med deg matpakken og ta lunsjen saman med oss i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus.