Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Årets eventyrer 2023?

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Eirik Hansen, ein ekte eventyrar som har utforska verdas elvar og juv. Nyleg vart han nominert til årets eventyrar 2023 i klasse saman med blant anna Kristin Harlia og Jens Kvernmo. Eirik deler ikkje berre ei historie, men ei livslang lidenskap for padling og eventyr. Han har utforska juv frå Chile til Pakistan, utført dristige padleekspedisjonar, og opplevd øyeblikk av meistring og lykkerus i dei mest utfordrande forholda. Som Norges beste elvepadlar konkurerer også Eirik i VM i lag med verdenstoppen.

Gjennom Eiriks historie får vi innsikt i den spennande og risikofylte verda av elvepadling og betydninga av å finne og følgje si eiga lidenskap. Dette blir ein lunsj med påfyll som vil inspirere, engasjere og kanskje vekke di indre eventyrar! Vi vil også få høyre det økonomiske aspektet av å vere toppidrettsutøvar, kva krevst det eigentleg for å lukkast? Arrangementet er opent for alle og er gratis. Vi ser fram til å dele ein lunsj med dykk og få eit unikt innblikk i Eirik Hansens utrulege eventyrliv.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet

Tidligere arrangement: 10. januar
Økonomidagen Sogn 2024