Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Kva skjer på Meieriet?

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Gjennom mange år har meieriet vert plassen for kulturopplevingar og sosiale arrangement for studentar og unge i Sogndal. Det har vert ein kjær møteplass for mange, men dei siste åra har medlemstala til Studentsamfunnet (sis) gått ned og dei slit med å rekruttere nok frivillige til å kunne gjennomføre arrangement. Dette har Sis, studentfrivilligheita, studentar, HVL og Saman tenkt å gjere noko med. Monica Solheimsnes frå SAMAN kjem for å fortelje korleis dei skal snu denne trenden og motivere studentar til å engasjere seg i eit viktig tilbod for studentopplevinga i Sognal.

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Tidligere arrangement: 23. april
While1Create: Nettverkstreff
Senere arrangement: 25. april
Sirkulære Sogn 2024