Vi skal få høyre frå Joaquin Zenteno Hopp ved Vestlandsforsking. Joaquin har erfaring med sosialt entreprenørskap frå Latin-Amerika, der han har arbeidd med sosiale innovasjonar. Han har ansvar for fleire prosjekt som tek for seg ei kritisk-konstruktiv analyse av innovasjonstiltak i Vestland.
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet
Ta med deg matpakka og bli inspirert
🕛 Tid: Onsdag 3. september kl. 11.30
📍 Stad: 2 etg i Innovasjonsbygget
Velkomen til ein lunsj full av påfyll!