Rein Sognefjord er eit prosjekt som samlar kommunar, bedrifter, organisasjonar og frivillige om ein felles innsats for å fjerne plast og avfall frå fjorden sine strender. Målet er å styrke samarbeidet på tvers av aktørar, skape medvit om omfanget av marin forsøpling, og bidra til eit reinare og sunnare fjordmiljø. Under lunsjen fortel dei om bakgrunnen for prosjektet, kvifor dette arbeidet er viktig, og kva betydning det kan ha for natur, lokalsamfunn og næringsliv langs Sognefjorden.