Rein Sognefjord 2025 – Bli med og rydd fjorden vår!
Sogn Næring er med, er di bedrift?
Torsdag 4. september er det klart for årets store ryddedugnad langs fjorden vår: Rein Sognefjord 2025! I fjor stilte vi i Sogn Næring med arbeidshanskar, sekkar og stor innsatsvilje, og det gjer vi sjølvsagt i år også. No håpar vi at endå fleire bedrifter i regionen blir med oss på dette viktige løftet for naturen og nærmiljøet.
Kva handlar det om?
Rein Sognefjord er ein del av den landsdekkande ryddeaksjonen i regi av Framtidshavet og Hold Norge Rent. Målet er å fjerne plast og avfall frå fjordkanten på ein og same dag. Dette er ei gyllen moglegheit for bedrifter som ønskjer å bidra til samfunnsansvar, teambuilding og ei reinare framtid.
Slik blir di bedrift med:
Registrer dykk på holdnorgerent.no
Vel eit område. Det kan vere nær kontoret, produksjonslokalet, fjorden eller stranda
Møt opp 4. september med arbeidshanskar og godt humør
Del bilete og bruk gjerne emneknaggen #ReinSognefjord
Kvifor delta?
Din bedrift bidreg til å ta vare på fjorden vi lever av
Tilrettelegg for samhald og miljøengasjement blant tilsette
Vis kundar og samarbeidspartnarar at de tek berekraft på alvor