Korleis kan barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar motivere fleire jenter til å velje teknologifag? Vi inviterer til idéverkstad!
Vestlandsforskning har teke initiativ til det spennande prosjektet “Teknojenter”. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle gode praksisar her i Sogn som motiverer fleire jenter til å velje teknologifag og dermed auke mangfald og inkludering i teknologibransjen. Ynskjer du meir informasjon om prosjektet, kan du lese om det her.
I mars arrangerte vi TeknoJentedagen på ViteMeir gjennom prosjektet Teknojenter. No ynskjer vi å invitere til ein idéverkstad med mål om kome på gode idéar til korleis vi i Sogn kan få fleire jenter motiverte til å velje teknologivegen.
Kvifor? Teknologifag spelar ein nøkkelrolle i utvikla av næringslivet i Sogn og resten av verda, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal vi sikre verdiskaping og omstilling i det teknologiske og grøne skiftet, treng vi fleire unge , spesielt jenter, til å velje teknologirelaterte utdanningar og yrke.
Kven? Lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, tilsette ved Høgskulen på Vestladet (HVL), rådgjevarar ved skulane, leiarar i oppvekstsektoren, engasjerte jenter som studerer eller jobbar innafor teknologi og jentene sin “heiagjeng” på heimebane.
Kor og når? 17. juni frå klokka 09.00- 13.00 i HVL sin Læringslaben på Sogndal Campus.
Dagen vil innehalde:
nyttig informasjon om jenter i teknologi
spennande gruppearbeid
felles lunsj
Vi håpar tilsette i Sogn heilt frå barnehage til høgskulen, samt leiarar i oppvekstsektoren og “heiagjengen” på heimebane ynskjer å delta på arrangementet for å styrke rekrutteringa til teknologifaga i framtida.
Meld deg gjerne på i skjemaet.
Håpar vi sjåast!
Spørsmål? ida@sognnaring.no / 92656975