Tilbake til alle arrangementer

Feilekveld på Fjøra Pub

  • Fjøra Pub 4 Almenningen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Ikkje alt går etter planen!

Å vere gründer er som å sittje i ei berg-og-dalbane, med både oppturar og nokre bomturar. Så kva skjer eigentleg når ting ikkje går heilt etter planen?

Bli med oss og HVL Skape på ein inspirerande, ærleg og underhaldande kveld der to lokale gründerar deler historiane sine om den gongen ting gjekk litt skeis, og kva dei lærte av det.

Denne kvelden handlar om å «fucke opp», og å reise seg att, og ikkje minst å tørre.
Vi får høyre og lære av Erlend Fardal Lunde som har starta mellom anna Brasa, Fjøra Pub og Fjøra Rock. Vi skal også få historiar frå Håvard Ese Eliassen, som er eit av ansikta bak den kjende og kjære Fres Festival.

Vi er ekstra gira for at dette skjer på Fjøra Pub som ENDELEG opnar att! Det kunne nesten ikkje passa betre sidan denne kvelden handlar nettopp om å feile, og å kome sterkare tilbake. Vi tenkjer dette er den perfekte plassen å feire både comebacks og krasjlandingar.

Baren er open, så det er sjølvsagt lov å kjøpe seg noko godt i glaset.

Forrige
Forrige
30. april

Lunsj med påfyll: Kva er green hydra og korleis heng eit internasjonalt prosjekt saman med energilabben på Campus

Neste
Neste
28. mai

Lunsj med påfyll: Frå snø til kode