Reiselivet i Vik er i vekst – både på land og til sjøs. Samstundes er verdiskapinga lågare enn i dei fleste andre kommunane i Sogn. No er tida inne for å spørje: Kva type reiseliv vil vi ha? Kven skal det gagne? Og korleis tek vi vare på både folk, fjord og fjell?
Velkomen til frukostmøte om reiselivsutvikling i Vik!
Her får du mellom anna høyre frå:
🔹 Kommunedirektør Siri Pettersen - Kva betyr det at Vik satsar på reiseliv
🔹 Torunn Hønsi og Kristin Løseth frå Vestlandsforsking - status på toleevneanalyse og moglegheitsstudium
🔹 Destinasjonsgruppa i Vik kommune - Kva har blitt gjort, og kva skal gruppa jobbe med framover
🔹 Heidi Hauge frå Visit Sognefjord - Kva for reiselivstrendar ser me og kva må Vik gjere for å møte behova og forventningane til dei besøkande
Etter innlegga legg vi opp til ein open samtale om korleis Vik kan utvikle eit berekraftig reiseliv, som tek vare på bygda, folka og naturen.
Meld deg på under, slik at Blix hotell veit kor mange dei skal lage frukost til!
Velkommen til ein hyggjeleg frukostprat!