Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Karriereutvikling for ukrainske flykninger

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Lunsj med påfyll: Ukraina, integrering og framtidige moglegheiter

Korleis kan integrering av flyktningar bli eit vinn-vinn for både lokalsamfunn og framtidas næringsliv?

I denne utgåva av Lunsj med påfyll løftar vi blikket frå kvardagen og ser på korleis integrering av ukrainske flyktningar i Noreg ikkje berre er ei humanitær oppgåve – men òg ein langsiktig investering.

Vi har i dag om lag 90 000 ukrainske flyktningar i Noreg, mange av dei barnefamiliar. Dei har med seg utdanning, arbeidserfaring og kulturforståing som kan bli ein ressurs både i lokale verksemder – og i framtidige samarbeid med Ukraina når landet skal gjenreisast etter krigen.

Samtidig ser vi at både norske og europeiske aktørar allereie no posisjonerer seg for samarbeid med ukrainske verksemder, mellom anna innan bygg, energi og infrastruktur. Med si språk- og kulturkompetanse kan unge ukrainarar som utdannar seg i Noreg bli viktige brubyggjarar – og eit konkurransefortrinn for norske bedrifter.

Korleis kan vi sjå dei store linjene – samstundes som vi lukkast med det lokale integreringsarbeidet?

Velkommen til eit inspirerande lunsj med påfyll til både tanken og nettverket.

Forrige
Forrige
4. juni

Styrekurs

Neste
Neste
4. juni

Feilekveld på Fjøra Pub