Tilbake til alle arrangementer

Næringspub: Skredtårn og tryggare ferdsel over Vikafjellet!

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Velkommen til næringspub på Blix hotell torsdag 6. november kl. 19.00!

Vi samlast i «Kroa» til ein uformell kveld med næringsprat, godt lag og litt snaks på bordet, du kjøper det du ynskjer sjølv i glaset.

Kveldens innleiar er Njål Farestveit frå Statens vegvesen, som vil fortelje om planane for førebyggande skredkontroll på Vikafjellet.

Vegvesenet har fått forskings- og utviklingsmidlar i 2025 til å etablere skredtårn (Wyssen-tårn) ved kjende skredpunkt i både Vik kommune og Voss herad.

Desse tårna skal bidra til tryggare ferdsel og færre stengingar på Riksveg 13 – ein av dei mest utsette fjellovergangane i regionen. Med betre kontroll på snøskred vil trafikken kunne gå sikrare og meir føreseieleg gjennom vinteren.

Dette blir ei god anledning til å høyre siste nytt frå Vegvesenet, stille spørsmål og slå av ein prat med andre frå næringslivet og lokalsamfunnet.

🕕 Tid: Onsdag 6. november kl. 19.00
📍 Stad: «Kroa», Blix hotell
🥦Servering: Snaks på bordet – drikke kjøper du sjølv
💬 Opent for alle!

Kom som du er, og bli med på ein triveleg kveld med næringsprat i godt lag!

Forrige
Forrige
5. november

Workshop for food professionals in Sogn: Deer on the menu

Neste
Neste
12. november

Lunsj med påfyll: Rocket-man Sogndal