Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Rocket-man Sogndal

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Rocket-Man – tryggleik, meistring og tilhøyrsle for ungdom

Korleis kan vi saman bidra til at fleire ungdommar får kjenne på meistring, fellesskap og glede i kvardagen?

Under denne lunsjen får du høyre Astrid Sætveit Torsvik fortelje om korleis Sogndal kommune har starta initiativet Rocket-Man, eit prosjekt som rettar seg mot ungdom mellom 13 og 18 år som står i fare for å falle utanfor.

Gjennom aktivitetar, trygge vaksne og fellesskap med andre ungdommar, skaper Rocket-Man eit miljø der alle kan kjenne seg inkluderte og verdifulle. Målet er å førebygge utanfor­skap, psykiske plager og rusbruk, og å gje ungdommane verktøy til livsmeistring.

Kom og høyr korleis Astrid arbeider for å styrke dei unges tilhøyrsle, og korleis vi som lokalsamfunn kan bidra til å løfte framtidas rakettar! 🚀

Ta med deg matpakka og få påfyll både til hovudet og praten.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

🕛 Tid: Onsdag 12. november kl. 11.30
📍 Stad: 2 etg i Innovasjonsbygget

Forrige
Forrige
6. november

Næringspub: Skredtårn og tryggare ferdsel over Vikafjellet!

Neste
Neste
14. november

Teknojenter: Idéverkstad under Teknologiveka i Årdal